Lyspunkt
"Klag ikke under stjernene av mangel på lyspunkter i ditt liv" Dette sitatet av Henrik Wergeland blei ei god påminning for meg då eg avslutta ein travel fredag i badekaret på terrassen. Eg låg der og såg på ein fantastisk stjernenehimmel, og sidan det er ganske så mørkt her på landet, blir stjernene desto tydelegare. Om eg kunne telle dei ? Svaret er nei. Prøvde å fange dei med kamera, det gjekk heller ikkje. Men lyset på sida av badekaret fanga kamera - eit, av uendeleg mange lyspunkt i livet mitt. God helg