Viser innlegg med etiketten Hagekunst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hagekunst. Vis alle innlegg

mandag 24. september 2018


             Engelen i Perlehagen

 I dag har eg lyst å framsnakke ei fantastiske dama  - Sissel i Perlehagen.  Det er berre så utruleg godt og inspirerande å stikke innom til Sissel. Klemmen, møte og atmosfæren - det gjer så godt, ein kan berre stå der og "varme seg",  til og med om regnet siler ned. Og så er det masse flotte planter, potter og  små skatter for den som har sans og auga for slikt.


 Peter Pan fekk bli med meg idag - nå danser han i torget og minner meg på kor viktig det er med balanse - ein klarer mykje når ein er i balanse .       
Og så har ho så mange flotte løkar som treng å få komme i jorda nå. Oppmodar alle i Stavanger distriktet å ta turen innom Perlehagen og kjøpe med seg nokre løkar.

Bildene under her er frå Facebook sida til Perlehagen - kikk gjerne innom der, og la deg begeistre.  Og så håper eg mange tek turen innom denne veka,  dette er nemleg siste veka Perlehagen har åpent denne hausten. Løk er også flott i krukker :)

Bildet kan inneholde: plante, blomst, utendørs og naturBildet kan inneholde: plante, blomst og naturBildet kan inneholde: blomst, plante og natur

Eg heie på deg Sissel, heldige dei på Tjensvoll som har slik ei perle i nabolaget.


onsdag 9. april 2014


Betong
 Perleblomstene blir litt ekstra flotte i betongfat ein har laga sjølv. Ikkje vanskeleg å lage slike forresten, finn deg ei plastform og prøv om du har lyst. Du treng ferdigbetong, former, olje og litt tolmod ;) Håper du opplever gleden ved å lage noko sjølv.

tirsdag 4. februar 2014

Rust

                     
 Litt rart at nokre ting blir berre finare og finare med tida. Desse gamle malingspanna var ikkje nokon stas då dei var nye, men etter nokre år på ein hemmeleg plass får dei nå nytt liv i hagen min. Melkespannet var kanskje finare før, men det har jo litt sjarm nå og då.

                                      Alt har si tid.

fredag 4. oktober 2013

Utedokunst ?
 Kan det koma noko vakkert frå ein gamal utedo ?

 Nye former prøves ut, og fine planter må til.


søndag 8. september 2013


Krukkemakaren
                                            Nå med sjølvlaga skifersaks.

torsdag 23. mai 2013

Brukskunst, landart eller berre ein  vedstabel.

Utsikt frå kjøkkenvinduet. "Du treng ikkje sei det kvar gong du ser ut" får eg høyre. Nei vel, men eg synes det er vakker likevel.

Skal finna ein betre måte å halda "taket" på plass etterkvart.


søndag 31. mars 2013

God påske

Er ikkje frå min vedstabel, men eg synes dette er så flott og  har "lånt" det frå gullsmed/smykkedesigner Reidun Breistig.



lørdag 23. mars 2013

Islykter

   Sidan frosten ikkje slepp taket, kan me jo bruke den til noko kjekt.
                          Klosterklokker i is er vakkert.



tirsdag 12. mars 2013

Det spirer og gror

Har tatt vårklippen på lerkehekken, og då må jo greinene brukast til noko spennande - elskar å lage store ting. Laga eit slik lerkepar på bestilling for nokre år sidan (dei som ligg på framsida av bloggen) og har lenge hatt lyst på ei slik dame i hagen, her ser det jammen ut som ho kjem vandrande.
 Sjølvom frosten ikkje heilt vil sleppe taket, blir dagane likevel lysare og lengre, og nye ting veks fram.
   
             Krukkene er komt i sitt rette element, og far er klar for nye utfordringar.

fredag 1. mars 2013

Skiferkrukker

 Det har vore liten aktivitet på bloggen i vinter, der er ikkje fordi det har vore liten aktivitet på Hedleshaug. Her skje mange spennande ting for tida. Ein ting er desse krukkene som eg har drøymt om  lenge. No er far igang, det er eit tolmodighetsarbeide - men han kosar seg. Han var stolt då denne var ferdig, og etter litt justeringar på malen er han godt igang med neste.
Materialet er takskifer, krukka er 60 cm. høg og veg 115 kg.