Islykter
Fredagskvelden såg islyktene mine slik ut, men det blei ein kortvarig glede.
Før eg fekk plassert dei der eg hadde tenkt var dei borte.
Vestlandsvinteren er flyktig så her gjeld det å gripe dagen.
Litt for lite snø, men fantastiske fargar og flott lys.
Nå er blåtimen over,det er tid for å gå heim.
"Jula" er ute av huset, men desse konglepottene likar eg så godt så dei skal få stå ei stund til.