Magisk dag i Bruhalsen
Skodda kom og gjekk frå morgonen av, men etterkvart var det sola som sigra.
Lunsj og søppelplukking i Bruhalsen, kan ikkje ha ein bedre arbeidsdag me.
Kanskje litt mykje bilder, men vanskeleg å la være når det er så fantastisk flott.
Fotbad og soltørking gjer nye krefter til ein lang og tung tur heim.
Dagens fangst. Gratismaterialer, men ingen kan sei at me ikkje jobbar for det. Får me alt dette med oss heim tru ?
Å ja da, me gjer oss ikkje "Bedre håvelaus enn rådlaus"
Kanskje ein Mosterøybu som savnar blåsa si ? Må skunde seg om han vil ha den igjen, kan fort bli innmat i ein isbjørn her.
Endeleg oppe på vegen, tur og trening på høgt plan.
Dagens engel kom på firhjuling - lykke. Tapte nokre steg, men kjøreturen var likevel svært kjærkommen.
Fornøgd med innsatsen idag.
Alt er heima og klar for vaskebaljen.