Viser innlegg med etiketten Bjørkeris. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bjørkeris. Vis alle innlegg

søndag 27. januar 2019


                       Bjørkelykke


 Veit ikkje om "bjørkelykke" er eit forrektig ord, men eg likar det  - og så er det i alle fall rett at me blir lykkelege av å arbeide med bjørkeris. Først turen i skogen, så gleden over det som etterkvart veks fram.


 Teknikken kallast nålebinding - me brukar store nåler og syr med brunt bøtegarn.
 Størrelse og form bestemmer ein heilt sjølv - og for dei som kjenner oss er det vel ingen løyndom at det største fatet er mitt.
Stjerna og hjertene er surra med ståltråd.

lørdag 19. januar 2019


                                       Snø


 Utsikt frå kjøkkenvinduet idag.   Så mykje snø,  eg blir heilt lykkeleg og må berre ut å gå - her gjeld å nyta så lenge det varer.



 Nissen på trappa og hegren til Maria kosar seg også i snøen - trur eg.


 Og snøklokkene som blomstrar i grøftekanten klarer seg heilt fint.

Det e pitlemann utroligt, men me ser jo at de kan:
ud av kalla hara jorå komme snøklokkene fram.

Det e det fina med våren, og det e eit klart bevis:
nytt håb kan spira onna møje snø og is.

Men mange myste håbe når samfunnet blir kaldt,
og kjærlighetet drebes i konkurransen øve alt.

Se: snøklokker i hagen, vokse alltid flerr i lag
di vett å holda sammmen, når di strekke seg mod dag.
                                       
                                                      Gunnar Roaldkvam


 Eg hadde faktisk spadd opp ei god tua i går - så nå blir det snøklokker både ute og inne.
 Denne veka har me også arbeid med bjørkeris, og bl.a laga hjerter.



Magisk lys på sånne kveldar.  God helg

mandag 28. november 2016

Mandag
 Dei "gamle" burgunder jularosene har blomstra lenge, og dei "nye" kvite er på veg.
 Vinteren på snarvisitt, ein stille kald og flott mandag.

 Denne veka står bl.a bjørkestjerner på menyen, fantastisk då når riset er å finna rett over gjerde.
 Og så ein tur i marka for å hente mose.    Reine rekrasjonen for meg desse hentedagane.
         Blåtime og utelys, snart klar for ein ny dag.