Tørketid
Det er gjerne litt brune og visne blader som må plukkast vekk, og så er det berre dei blomstene som er avblomstra som tørkar. Blomstene i bakkant av bilde over, og blomsten på bilde under er knoppar som ikkje tørkar. Den lille prikken i midten skal være avblomstra og heilt borte - er forresten det som er blomsten. Det andre er høgblader, men det er dei som skifter farge og tørkar.
Kransen er enklast å lage av friske blomster, den tørkar fint i oasis eller på halmring.
Her har eg brukt ein lyseblå hortensiablomst - den får så utruleg vakker grønnleg farge på hausten. Hjerta har også eucalyptusblader, kvite roser og brudeslør - alt dette er blomster og blader som tørkar fint.