Engelen i Perlehagen
I dag har eg lyst å framsnakke ei fantastiske dama - Sissel i Perlehagen. Det er berre så utruleg godt og inspirerande å stikke innom til Sissel. Klemmen, møte og atmosfæren - det gjer så godt, ein kan berre stå der og "varme seg", til og med om regnet siler ned. Og så er det masse flotte planter, potter og små skatter for den som har sans og auga for slikt.
Peter Pan fekk bli med meg idag - nå danser han i torget og minner meg på kor viktig det er med balanse - ein klarer mykje når ein er i balanse .
Og så har ho så mange flotte løkar som treng å få komme i jorda nå. Oppmodar alle i Stavanger distriktet å ta turen innom Perlehagen og kjøpe med seg nokre løkar.
Eg heie på deg Sissel, heldige dei på Tjensvoll som har slik ei perle i nabolaget.