Viser innlegg med etiketten reir. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reir. Vis alle innlegg

lørdag 1. april 2017

Toving

 Etter fleire veker med pinnar og plastsøppel hadde me lyst å prøve noko anna.  Valget blei filt og toving, og me har verkelg kosa oss med flotte fargar og fine former.
 Blir ofte kreative og spennande samtaler rundt bordet, når me sit slik og kosar oss. Me leika litt med tanken om at det kunne vore artig å prøvd å tove med gamle ullkler. Klare me ein sau av gamle islandsgensere, eller kanskje eit koftedyr ?  Så om det er noko av våre leserar, helst i nærleiken av Stavanger, som har gamalt ulltøy dei kan tenke seg å gje oss, er me svært takksame. Får me det til, blir dei også å finne i Grenseland.
 Mykje kjekt kan komme ut av litt ull og ei filtenål.

                                                    Pip pip


 Reir må jo fuglane ha, særleg no om våren. Kanskje kjem det egg også ?

søndag 12. april 2015

Flettverket frå veke 15

 Det er vårstemning i lufta, og fuglane bygger reir. Me har også prøvd oss på "fuglebo" - ikkje den vanligaste sorten på våre breddegrader, men kanskje det er ein liten luring som har lyst å flytte inn her også.