Fagert er landet
Då eg tok morgonbadet idag i blikkstille sjø, kom denne sangen til meg, og den har tona i meg heile dagen.
Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader! Fagert det stig av blåe hav, soli ho sprett og ho glader, signar vårt land i nord og sud; soleis di åsyn lyser, Gud, over vårt Noreg i nåde. Anders Hovden |
Å koma heim frå sjøen, og bli møtt med denne veggen var ikkje mindre flott.
Og så har me sote ute, i nydeleg varmt haustver og laga hortensiakransar i dag - 28 oktober.
Takknemleg for landet, folka og alt eg får oppleve. La oss være rause, det er så ufatteleg mange som ikkje har det som oss.