tirsdag 26. august 2014

Haustgleder
 Ingen tvil om at eg er mykje meir glad i våren enn hausten, så då gjeld det å leita etter gode haustgleder. Og eg treng igrunnen ikkje gå langt. Nokre dagar til med sol så er druene modne.

 Bjørnebæra har eg alt smaka på, og jammen har det ikkje sneke seg inn nokre "ville" med tornar på også. Ganske frimodig, men dei smakar igrunnen endå bedre enn dei "tamme".


                                          Raud aroma

Jo, hausten har nå mange gleder den og. God dag til deg som kikkar innom her - håper du også finn haustgleder langs din veg.

fredag 22. august 2014

Rognebær
 Nå er tida for å plukke, og bruke rognebær.
 Tenk å overraske naboen med eit slik hjerte på trappa. Bonus er spenningen når ein lister seg rundt midt på natta for å legge dei ut.
 Med dette hjerta ønsker eg velkommen inn i verkstaden. Denne hausten kjem eg til å være her mykje, Hedleshaug er nemleg blitt godkjent som lærebedrift i Blomsterdekoratørfaget.

tirsdag 19. august 2014


Kurs
 Materialene til kveldens kurs er på plass. Eg like når eg kan vandre rundt i hagen og finne alt eg treng - og slepp å reise til byen.



søndag 17. august 2014

Hortensia
 No er hortensiaen avblomstra og klar for eit liv i vase. Det begynner å bli mykje fine fargar, og buskane bugnar av blomster.




Foreløpig er det sjølvplukk på feltet i svingen. Husk å sette dei i varmt vatn, og er dei "slakke" ein dag, prøv med nytt varmt vatn og eit nytt snitt i stilken.