Viser innlegg med etiketten Krans. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Krans. Vis alle innlegg
mandag 10. desember 2018
fredag 27. oktober 2017
Tørketid
Det er gjerne litt brune og visne blader som må plukkast vekk, og så er det berre dei blomstene som er avblomstra som tørkar. Blomstene i bakkant av bilde over, og blomsten på bilde under er knoppar som ikkje tørkar. Den lille prikken i midten skal være avblomstra og heilt borte - er forresten det som er blomsten. Det andre er høgblader, men det er dei som skifter farge og tørkar.
Kransen er enklast å lage av friske blomster, den tørkar fint i oasis eller på halmring.
Her har eg brukt ein lyseblå hortensiablomst - den får så utruleg vakker grønnleg farge på hausten. Hjerta har også eucalyptusblader, kvite roser og brudeslør - alt dette er blomster og blader som tørkar fint.
onsdag 7. desember 2016
Julemarked på Hedleshaug
Eg kan ikkje garantere slik julestemning ute, men inne i verkstaden er det stemning.
Torsdag 15 og fredag 16 desember har me åpent frå 13-18
I verkstaden er det kurs for dei som vil lage krans eller stjerne.
Fredagen blir også Line Halstad her og selger gode Aloe Vera produkter frå Forever Living.
Velkommen innom
onsdag 23. november 2016
Grønn veke
Etiketter:
Jul,
julabutikk,
Krans,
skogsnisse
fredag 19. februar 2016
Gul pil
Fargen blir litt mattare når den tørkar, men det blir likevel eit flott fargespel.
Måtte berre lage nokre kransar og hjerter med innslag av nyhausta pil - lykke det.
Kransen med sløyfe i innlegget under her er frå ifjor, flott i fargen ennå. I den er det brukt ei pil som heiter alba og den er gulare i fargen enn denne.
onsdag 17. februar 2016
Vårtegn
Rart kor kjærkomme det er med vårtegn på denne tida. Og sjølvom gradestokken er under null sprett det fram både her og der.Uante krefter har små spirer som strekker seg mot lyset.
I dag har hjertene fått pynt.
Og så ein liten drøm om grønt gras og blomster i hagen.
Etiketter:
hagebukett,
Hedleshaug,
Hjerter,
Krans,
vår
mandag 9. november 2015
Tur i marka
Dagens tur i marka for å hente materiale til kurs ga mange ekstra opplevelser.
Er ganske magisk å stå under ein slik flokk med svarttrost. Imponerande presisjonsflyging, rart at dei ikkje fyk på kvarandre.
Tilogmed regnbuen med sitt løfte viste seg.
Slik vart to av kveldens kransar med pil og sibirkornell.
onsdag 21. oktober 2015
Hortensia
Ei trillebår full av hortensia - kvardagslykke for meg.
No er me komt til den tida der hortensiaen tørkar. Det fungerer fint å binde kransar av frisk hortensia, og så berre la den tørke i kransen. Den øverste er bunden på halmring, dei to andre rett på ståltråd.
Denne har pryda veggen i stova vår sidan i fjor haust.
Abonner på:
Innlegg (Atom)