Viser innlegg med etiketten fugl. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fugl. Vis alle innlegg

lørdag 1. april 2017

Toving

 Etter fleire veker med pinnar og plastsøppel hadde me lyst å prøve noko anna.  Valget blei filt og toving, og me har verkelg kosa oss med flotte fargar og fine former.
 Blir ofte kreative og spennande samtaler rundt bordet, når me sit slik og kosar oss. Me leika litt med tanken om at det kunne vore artig å prøvd å tove med gamle ullkler. Klare me ein sau av gamle islandsgensere, eller kanskje eit koftedyr ?  Så om det er noko av våre leserar, helst i nærleiken av Stavanger, som har gamalt ulltøy dei kan tenke seg å gje oss, er me svært takksame. Får me det til, blir dei også å finne i Grenseland.
 Mykje kjekt kan komme ut av litt ull og ei filtenål.

                                                    Pip pip


 Reir må jo fuglane ha, særleg no om våren. Kanskje kjem det egg også ?

lørdag 10. september 2016

Søppelkunst

 8 september, 22 grader og vindstille og me skal til Bruhalsen på skattejakt - lykke.
                                              Mitt paradis

 Småstein tang og tare, og masse søppel. Plast som ikkje høyrer til i naturen, men det kan heilt sikkert brukast til noko kjekt.



 Ein runde i vaskebaljen og så er "råstoffet" klart til bruk. Det går i tobeint vesen med vinger.

Litt spinkel i beina denne karen,  godt med ein stjert å støtte seg på. Og kven treng ikkje nokon å støtte seg til forresten ?  Uansett, støtte eller ikkje,  god helg.