Viser innlegg med etiketten Blåtime. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blåtime. Vis alle innlegg

søndag 10. januar 2016

Islykter

 Fredagskvelden såg islyktene mine slik ut, men det blei ein kortvarig glede.
Før eg fekk plassert dei der eg hadde tenkt var dei borte.

 Vestlandsvinteren er flyktig så her gjeld det å gripe dagen.
 Litt for lite snø, men fantastiske fargar og flott lys.

 Nå er blåtimen over,det er tid for å gå heim.


 "Jula" er ute av huset, men desse konglepottene likar eg så godt så dei skal få stå ei stund til.

søndag 22. november 2015


Einertre
 Idag har me hatt ein fantastisk dag i marka og laga einertre. Nydeleg vintervær, 1 minusgrad og blikk stille. Bildene er litt mørke fordi me jobba i skuggen. Men stemningen var høg og god.
 Flott å sjå korleis det berre voks opp med tre.  Store og små, lubbne og smale, skeive og sjarmerande. Lykken er å gjere det sjølv.


 Traktortransport for både for mennesker og tre, alltid kjekt.
Måtte berre sette meg ned og nyte bålet, naturen og freden når alle var gått. Takk for ein fantastisk dag på alle måtar.  2500 kr til flyktningearbeidet i kommunen og 17 flotte einertre. Mykje "lys og varme"

fredag 16. oktober 2015


Skiferkrukker

 Far er flittig og krukkene blir flotte :)  No gleder me oss til nye arbeidslokale og gode utstillingsrom.



 Godt å kunne rydde litt i rotet, og bål er alltid kjekt. På mandag begynner me å forskale veggene i grov-verkstaden. Dette er spennande, gamle drømmer blir oppfylt.

 Bålkos i blåtime på endå ein fantastiske haustdag - ikkje eit einaste lite vindpust. Vanskeleg å gå inn på slike kveldar.
Med desse flammane ønsker eg alle som kikkar innom her god helg.

lørdag 20. desember 2014


Blåtime
 Fantastisk lyset i blåtimen, håper me alle har tid til å nyta dette midt i julastriå.