Fredagslykke
Fredagen er aleine dag - dagen eg bestemmer over sjølv, og tenk for ei lykke det er å kunne padle til Line og ha lunsj i slikt eit vær. Gjer kvardagen god.
Eg fant så mykje som hadde gått i stykker på Line idag. Havfruetårer som me kallar det - slipt glass-skår. Ein gong var det del av noko anna, så vart det knust. No har livet og bølgene slipt det slik at det ikkje lenger er til å skjære seg på. Det fekk bli med heim - i matboksen og kaffekoppe, her skal det få "nytt liv"i håpstreet mitt.
Villepleblomster
Så "totla" i rundt i hagen - nok å gjere om eg vil, men eg må faktisk ikkje.
Skal være med på Hagelagets 1000 åpne hager i juni - og ja det er litt eg har lyst å gjere før det, men berre fordi eg har lyst.
Livet er nå - gjer kvardagen god.