Viser innlegg med etiketten Pilflett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pilflett. Vis alle innlegg

torsdag 21. februar 2019


                King size


 Denne veka har Katrine og eg kosa oss med å lage digre korger. Eg ville gjerne få brukt opp ein del av all den pila som har samla seg i fryseboksen. Me brukte store treskiver som bunn,  lot stakene bevege seg som dei ville, og pøste på med pil i alle størrelser og fargar.  Korgene fekk bli ganske så organiske i formen.

Mykje klippearbeid inni her.

Dei blei på ein måte "eit par" desse to, men er likevel berre den eine som skal bu her - den største så klart.  Katrine tok si med heim for å vurdere om det blei vedkorg, eller blomsterkorg.  Eg har ennå mykje pil i frysa og vil ikkje bløyte ny før alt er borte - så kanskje eg like godt skal gå igang med ei til

tirsdag 13. mars 2018



Ka gjer du ? 
Dette er eit spørsmål eg ofte får, eit spørsmål utan enkle svar. Eg gjer så mykje rart. Dette året har eg bl.a tenkt å trene meg på å seie at eg er kunstnar - det er eit stort ord.

 Som kunstnar har eg nå laga 3 skiferkrukker, her er mi første. Mykje arbeid, men eg likar arbeid og arbeid er helse, så dette er berre kjekt.

 Denne er 60 cm. høg og vek 130 kg.  Har ein drøm om å lage dei ganske mykje større, men foreløpig har det blitt den størrelsen som vises på bilde under.

         
Flettar med pil og har forskjellige dekoroppdrag.
        
 Og så bruker eg mykje tid saman med Maria, og hjelper henne å finne "sin veg"  Akkurat nå går den via plastsøppel frå strandkanten til fanstastiske fuglar.
                                         Her er Hegren på veg.

Og her er to fantastiske Havsuler - heilt ufatteleg kva den dama kan skape av taustumpar som me dessverre finn altfor mykje av.  Det blir salgsutstilling "ein vakker dag"

              Åpen dag på Hedleshaug lørdag 17.3  kl 14-16

fredag 3. november 2017

Flettekurs med husflidslaget

 Det blei pilfletting på Hedleshaug med Rennesøy husflidslag denne hauste også.

 Flittige hender, laga flotte korger.

 Resultatet etter to dagar med fletting, mange flotte former.

lørdag 2. september 2017

Plantebyttedag

 Driv å deler stauder og forbereder plantebyttedagen - jammen ikkje lett å vite kor mykje eg skal spa opp.

 Velkommen i hagen med eller utan planter, det blir også salg av haustplanter.


Ser du godt etter, ser du kanskje at det heng to "lurendreiere" i treet Kjem du innom på tirsdagskvelden kan du flette deg eit par slike.



 Velkommen til Hedleshaug førstkommande tirsdag kl 19  - husk å sett bilen på Kulturbruket.


fredag 13. mai 2016

Kom mai du skjønne milde

Har vore meir enn mildt i mai dette året.

Godt det finnes skuggeplasser i hagen på slike dagar.

Lykke å få arbeide ute når sola skin. Her lages det litt "rufsete klatrestativ" for klematis og andre kjekke ting.
Ei lita hytte til barnebarna klarte me også å snike inn.


På taket her har eg og hatt arbeidsplassen min nokre dagar, og eg seier som Pippi "Dette har eg aldri gjort før, så det kan eg heilt sikkert"  Sedumtak på nybygget, spennande.

Det sprett og blomstrar både høgt og lågt.
Og eg gleder meg over små detaljer, og frimodige fargekombinasjonar.

Pilarbeid og steinarbeid i salig blanding.
Kall meg gjerne "steingal" Kjem langt med spett, sekketralle og nokre stokkar.

Så fornøyd med dagens arbeid, og arbeidsledig blir eg ikkje med det første. God pinsehelg.


fredag 18. mars 2016


Fantastisk veke
 Tenk å få stå opp til slike dagar, livet blir lettare då.
 Me har hatt lunsj og flett ute denne veka, sola varmer godt her i tunet.
 Eg har fletta mi første asymmetriske korg med vilje.

 Det kan jammen vekse noko flott ut av det skakkjørt og.

                                            God helg.

fredag 27. november 2015

Spennande bestillingar

 I sommar laga me ein alpakka, og no var det ei som ville ha ein hest. Kjekke oppdrag.



Eg må jo berre leke meg litt  :) og seier som Pippi "Dette har eg aldri gjort før, så det går heilt sikkert bra"