Litt av kvart
Ei heil stund sidan sist eg skreiv på bloggen, og mykje har skjedd.
Stas å pynte til bryllaup. Gips, gullmaling og roser
Høyslått og kranselaging.
Kanina er med og sjekkar kvaliteten på graset.
Bearbeiding og terapi i å gjere heile prosessen.
Så ein kveld med kurs i pilflett. Ein triveleg gjeng med damer laga kreative og flotte klatrestativ.
Mykje spennande skjer i verkstaden også. Maria skal ha utstilling, merk deg 24/25 september om du er intressert.
Men no er det ferie, skal bli godt med late og rolege dagar. Hedleshaug er stengt i juli. God sommar :)