tirsdag 27. mars 2012

Fletta piltre

Nyfletta piltre - litt kunstige ja, men fasinerande likevel.
For ei livskraft, berre å stikka pinnane i jorda, så spirer dei så ein mest kan høyra det.
Dobbel 


eller trippel, alt er muleg.


Etter ca. ei veke i jorda sprett knoppane. For ikkje å dekke heile flettemønsteret, må ein ta kaffekoppen i handa - tidleg om morgonen, mens det ennå er dogg, og så plukke forsiktig av alle knoppane på sidene - det er berre i toppen det skal bli grønn krone. Og så er det  kjempeviktig med vatn, bør ikkje tørke ut nå i startfasen.            .
Vil du sjå korleis dei blir med grønn topp, sjekk Døsen Pilgard    Nyt dagen, våren og livet, kjære venner.                                                       
Det kan fort bli ein "tett levegg" av dette. 

tirsdag 20. mars 2012

Ute-fritidsmessa

Klar til avreise.






Velkommen inn på terrassen vår. Målet var å skape ein "hage" som folk fekk lyst å gå inn i.





Kanskje me lykkast med det ?



                      Og så var det ned med alt, men ikkje alt fekk vere med på lasset heim.
Litt trist å ta farvel,  håper den nye eigaren blir glad.

Slitne, men stolte damer.

fredag 9. mars 2012

Store korger

Siste finpuss, eg har vore på den økologiske gaden på Ullandhaug og fått "hjelp" til å laga desse flotte korgene.

Her er det plass til masse blomster Monica.

Klar for avreise til hagemessa     
Ute-fritid i Stavanger 16-18 mars.