Fredagslykke
Balsam for kropp og sjel å komma til Line på ein slik dag.
Så utruleg flott landskap, minner litt om New Zealand. Ikkje det at eg har vore på New Zeland, men det er noko med dei rette trea, litt utypisk, mest vindskeive og krokete tre her.
Møtte ein triveleg mann her idag. "Så fint å snakke med deg" sa han. "Det er så vakkert her, og det går ikkje å fortelle det til noko som ikkje har opplevd det" Så hadde me ein god prat om livet og kor fantastisk flott det er på Line. Magisk øyeblikk
Fotte villsauene og, sjølvom dei åt opp eple mitt mens eg bada.
Bru sett frå Linesteinen
Storskarven ved Grønnland
Mitt forslag til haustferieaktivitet - ein tur til Line