Det tok ikkje lange tida før fuglane oppdaga den nye fuglemataren. Kjøttmeisane er i fleirtall, men her er også rødstrup, småspurv, gjerdesmett og andre - eit yraned liv, og kampen for føda er igang.
Så kjem den svarte store trosten, flott er den i sin blanke svarte fjørdrakt, og gule nebb, men verken småfuglane eller eg er så glad i den - kvifor det mon tru ?
Ikkje lett å få tatt gode bilder, dei er nok litt redde meg enno. Men dersom du klikkar på bildene kjem du litt nærare.