Ei korg i veka, del 4
fredag 30. januar 2015
mandag 26. januar 2015
Stort bjørkehjerte
Har hatt ein fantastisk dag ute i flott vintervær og laga dette bjørkehjerte. Eg kallar det "Karihjerte" fordi eg så eit liknande på bloggen til Atelier Kari http://atelierkari.blogspot.no/
Dette skal få pynte siloveggen på Låven til ære for dei to som skal feire bryllaupsfesten sin der.
fredag 23. januar 2015
Ei korg i veka, del 3
Kva dette "någe" er og skal brukast til lurer min gamle far på 80 år svært på ? Tja, det veit eg ikkje, er lykkeleg uvitande om det faktisk - og det kjennes både godt og spennande. Time will show. God helg
søndag 18. januar 2015
Ei korg i veka, del 2
Denne veka klarte me ikkje målet vårt. Det vart berre ein dag iverkstaden før feber og "vondter" inntok kroppen så enormt - trur mest ikkje eg har vore så sjuk før. Men gje oss ei veke til så skal det nok ordne seg.
Om feber og andre rare greier riv og slit i kroppen er det alltid noko å glede seg over, ein av mine ting er fuglane i hagen, bl.a denne kjekke karen som eg har hatt besøk av dei siste dagane,
Nøtteskrikar. Fleire gonger har eg fått oppleve at den sprett rundt foringsstasjonen, ein gong var det til og med fire stykker. Første gong eg såg den viste eg ikkje kva fugl det var, men i boka under (som også bilde er henta frå - ei fantastisk bok) står det: "En staselig og sjeldent vaktsom fugl med kraftig røst. En relativt stor (34 cm lang), brokete kråkefugl med vakre tegninger. Rødgrå drakt med partiet av blå ruter og den hvite flekken på vingen. En svart mustasjestrek fra munnviken kanter den hvite strupen. Utseendemessig finnes det ingen forskjell mellom hann og hun.Nøtteskrika hekker over hele landet nord til Trøndelag, men har en ganske sparsom forekomst på sentrale deler av Vestlandet." Kanskje ikkje Stavangerområdet er sentralt på Vestlandet ?
Det var nettopp det at den var så stor som gjorde at eg så godt la merke til den, ellers er det meise- og spurvefuglar det kryr av her.
Den store fugelen på bakken, som flyg opp og så ut av bilde på venstre sida er altså ein Nøteskrikar.
Ser at de ikkje får same opplevinga av fuglane gjennom filmen, som eg har gjennom vinduet, men, men det er iallehøve ein Nøtteskrikar og masse livlege småfuglar.
Så meldes det om ei veke med sol og stille vær, o lykke. Har som sagt vore fanga inne - "fugl i bur" sidan tirsdag, så imorgon håper eg at eg er klar for ein litt meir aktiv dag. Skal bl.a vaske vinduene som har vore "heilt forferdelege" sida Nina herja her forrige lørdag.
God veke
fredag 9. januar 2015
Ei korg i veka
Har blitt med på utfordringa til mi gode fletteveninne Siril http://www.pilgard.no om å flette ei korg kvar veke heile dette året. Veke 1 var så kort at den vart det ingenting av, men her er den første korga i 2015 frå Hedleshaug.Ganske tungt dette, kjenner det i hendene.
Pølseflett med pil og lerk, på stamme. Trur kanskje eg skal kutte litt av stammen, var ikkje meininga at korga skulle bli så vid. Var stram, slank og høg den eg såg for meg - ja, ja sånn kan det gå, og det var tungt å jobbe med.
tirsdag 6. januar 2015
"Må alltid bli verre før det blir bedre"
Deileg når spindelvev, rusk og rask er borte frå tak og vegger, og endeleg ser me bordplata også.
Englane av lerk skal få stå her og glede oss ei stund til. Og så snart rommet er ferdig rydda skal me hausta meir lerkegreiner for å bruke framover.
torsdag 1. januar 2015
Nytt år
Nå er det her, la oss bruke det godt.Mitt ønske for dette året er at eg kan få være med å gje håp til nokon som treng det.
Godt nytt år.
Orda står ennå, dei vart "skrevne i stein" i 2008 då Stavanger var Kulturby, og Bru fekk sitt eige Kulturbyprosjekt.
Horizons and fragments
www.horizonsandfragments.no
Abonner på:
Innlegg (Atom)