Viser innlegg med etiketten Skiferkrukker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skiferkrukker. Vis alle innlegg
mandag 10. desember 2018
søndag 15. juli 2018
Trashybirds på bytur
Siste innspurt før Tall Ships Races - dette blir spennande.
Har også som mål å lage ei stor skiferkrukke. No er den 49 cm. høg og består av 37 omgangar. Klarer omtrent halvannan omgang i timen - målet er 90 cm. så det gjennstår absolutt nokre timar, men har likevel håp om å klare det. Velkommen innom på Krydderkaien om du er Stavanger under Tall Ships Races.
tirsdag 13. mars 2018
Ka gjer du ?
Dette er eit spørsmål eg ofte får, eit spørsmål utan enkle svar. Eg gjer så mykje rart. Dette året har eg bl.a tenkt å trene meg på å seie at eg er kunstnar - det er eit stort ord.
Som kunstnar har eg nå laga 3 skiferkrukker, her er mi første. Mykje arbeid, men eg likar arbeid og arbeid er helse, så dette er berre kjekt.
Denne er 60 cm. høg og vek 130 kg. Har ein drøm om å lage dei ganske mykje større, men foreløpig har det blitt den størrelsen som vises på bilde under.
Flettar med pil og har forskjellige dekoroppdrag.
Og så bruker eg mykje tid saman med Maria, og hjelper henne å finne "sin veg" Akkurat nå går den via plastsøppel frå strandkanten til fanstastiske fuglar.
Her er Hegren på veg.
Og her er to fantastiske Havsuler - heilt ufatteleg kva den dama kan skape av taustumpar som me dessverre finn altfor mykje av. Det blir salgsutstilling "ein vakker dag"
Åpen dag på Hedleshaug lørdag 17.3 kl 14-16
lørdag 16. mai 2015
onsdag 11. mars 2015
torsdag 12. juni 2014
fredag 4. april 2014
Jularoser
Desse jularosene har blomstra sidan november. Det har komt nye blomster heile tida, trur det må være den milde vinteren som gjer at dei har blomstra så mykje og så lenge. Nå skal eg snart plante dei i jorda, og så håper eg dei kjem like fint att til neste jul. Eg har god erfaring med jularoser, og sjølvom eg bur i sone 1 kan det være kalde vintrar her også.Nå er det sol og vår som gjeld, og me gleder oss over mange fantastiske dagar med temperatur godt over 10 grader. Sommarfuglar og humler er stadig på besøk, fuglane kvitrar og bygger reir - og bøndene sprer "godlukt" - alt er som det skal være ein vårdag på landet.
tirsdag 25. februar 2014
Skiferkrukker
Eg har bytta ut kornellgreinene (du kan sjå dei lenger nede på bloggen - etikette Hedleshaug, Julastemning) med flatpil og gåsungar. Idag meldes det 10 grader her, så nå kjem våren i rekordfart.Krukkeproduksjonen går også framover, men det tar tid å bygge opp ein slik produksjon - og dette er tolmodighetsarbeid seier far. Fine blir dei iallefall synes eg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)