Viser innlegg med etiketten hagelykke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hagelykke. Vis alle innlegg

fredag 7. juni 2019


Blått til lyst  

 Fekk ei rot av desse ifjor, frodig og flott, mest litt kunstig i fargen. Men ja til mangfold, så i det blå bedet passa den inn.


Lobelia, eit must på trappa mi. 

Er så glad i akkeleie, dei frøsår seg på kryss og tvers, så her blir det etterkvar mange spennande fargekombinasjonar


 Iris er også ein favoritt, denne lyseblå er berre nydeleg.




 Planten under kjem frå Jostein på Talgje ein kryssning av St. Pauli og Streptocarpus.

 Rett før - utruleg flott farge synes eg.


                        Blomsterglede og helsebot.

tirsdag 7. august 2018

                           Sjokoladekosmos


             Cosmos atrosanguineus

 Her saman med frøkapslane til Solhatt - Rudbeckia

 Kosmosen må få kvile inne om vinteren, men får den det - lønner den deg med mange mange fantastisk flotte blomster.
 Blomstene er også fine som snittblomster i vase, og i bilde under har eg brukt dei i brudebukett.



 Tibouchinaen vår klarte seg også gjennom vinteren (inne) og nå er det rett før den sprett - fantastiske blomster og blader på denne planten :)  Denne er kjøpt hos Jostein på Gard gartneri på Talgje.



Bilde under er frå i fjor






torsdag 7. september 2017

Mat auke

 Fantastisk å kunne hauste mat frå eigen hage.  I mange år no har eg ikkje har dyrka noko ting, men etter eg fekk tak på Sluxx, har hagegleden og dyrkingsgleden komttilbake.

 Ingenting smakar så godt som kortreist mat frå eigen hage - det er hagelykke det :)