Viser innlegg med etiketten Håpstre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Håpstre. Vis alle innlegg

torsdag 7. februar 2019


             Håpstre   3

 Då er teksten komt på veggen,  og treet fylles med nye blader - plass til mange her.



 Tanken er at alle som er innom, og har lyst, kan finne "sitt blad" og henge på tre. Kvart nytt blad gjer treet endå vakkrare.

søndag 13. januar 2019


                              Håpstre 2

 På tur i marka med Daryosh for å finna "håpstre"   Etter at me hadde funne fleire mulege emner skulle me berre gå litt lenger  - var berre noko eg "måtte vise" han.  Då me gjekk forbi dette, såg me på kvarandre og begge forstod kva den andre tenkte - her er det rette treet.

  Brei last på veg heim.  Fantastisk med soldagar - får heller tole litt skygge på bildene.

 Vel heime  fjerna me alle nålene, og fekk det på plass - det passa perfekt.

Nå står det her og ventar på nye blader. Symbolske blader av knust glass, noko som har gått istykker, men som gjennom bearbeiding har fått eit vakkert arr. Ein  skjer seg ikkje lenger på det, smerten er tåleleg  og erfaringa kan bli ein berikelse fordi ein vågar å dele og høyrer til i eit fellesskap.

 Tanken er at alle som er innom her, og har lyst, kan finne "sitt blad" og henge på tre. Kvart nytt blad gjer treet endå vakkrare.

tirsdag 8. januar 2019


            Nytt år nye mulegheiter,  Håpstre 1


 Det som har gått i stykker kan likevel bli til noko flott.

 Har lenge hatt lyst å lage eit Håpstre til uterommet ved verkstaden min -  endeleg er me i gang.

 Velkommen til å følge prosessen.