Viser innlegg med etiketten Egg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Egg. Vis alle innlegg

mandag 22. april 2019

                                     Påskeegg


 Kosa meg med betong og støypt masse egg, desse er i tillegg spraya med kobbarfarge.


 Betongegg og ein vakker ny perleblomst



Treegga i hasseltre har ikkje fått ein einaste dråpe regn denne påska, 2 påskedag kraup gradestoken like opp til 22 grader. Fantastisk med slike flotte, varme og solfyllte dagar, men nå håpar eg det snart kjem regn.

tirsdag 24. mars 2015

Påske

 Påskeliljene avløyser snøklokkene i hagen, og knoppane på dei gule trepionene er "sprekkeferdige"


 Litt påskestemning i butikken også. Denne veka har me langåpent onsdag og torsdag til klokka 18. Neste veke er eg heime mandag - onsdag så det er berre å ta ein tur om nokon har lyst til det.


fredag 20. februar 2015

Veke 8
 Denne veka har me fletta krussedullefat og laga masse egg.

 Kunstlaget i kommunen skal ha markedsdag i mars, og me har sagt ja til å være med. Så nå er det storproduksjon på Hedleshaug.