For ein dag
Når me arbeider med gratis materialer, er bonusen at me kan gå på tur og hente akkurat når det passar oss. I dag var ein slik dag - litt tåke, men sola er der, bekken klukkar, blomstene sprett og fuglane gjer meir enn synge - blir ganske våryre me og.
Først var me i marka og henta einergreiner - utruleg masse flotte emne, største problemet er å begrense seg.
Kva me skal bruke greinene til ? Vent å sjå :)
Så måtte me berre ein tur innom den magiske skogen - eit lys og ein stemning som ikkje kan beskrivast med ord. Helse i kvart eit steg.
For ein lykkedag - den fantastiske turen og trillebåra full av mose og einergreiner.
Me rakk å lage eit par hjerter også.
Stein i skogen - glede i hjerta.