Viser innlegg med etiketten is. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten is. Vis alle innlegg

søndag 10. januar 2016

Islykter

 Fredagskvelden såg islyktene mine slik ut, men det blei ein kortvarig glede.
Før eg fekk plassert dei der eg hadde tenkt var dei borte.

 Vestlandsvinteren er flyktig så her gjeld det å gripe dagen.
 Litt for lite snø, men fantastiske fargar og flott lys.

 Nå er blåtimen over,det er tid for å gå heim.


 "Jula" er ute av huset, men desse konglepottene likar eg så godt så dei skal få stå ei stund til.

onsdag 6. januar 2016


Vinter
 Endeleg har me fått kuldegrader og vinterstemning.




 Her var eg idag og henta skjell, eller tomme sneglehus er det faktisk. Kva eg skal bruke dei til ? Nei det vil eg ikkje fortelle enno. men eg har fått eit spennane og utfordrande oppdrag. Kjem bilder etterkvart, iallefall om eg får til det eg har tenkt.

" Takk for idag" mitt vakre landskap - eg kjem snart igjen.