Bjørkelykke
Veit ikkje om "bjørkelykke" er eit forrektig ord, men eg likar det - og så er det i alle fall rett at me blir lykkelege av å arbeide med bjørkeris. Først turen i skogen, så gleden over det som etterkvart veks fram.
Teknikken kallast nålebinding - me brukar store nåler og syr med brunt bøtegarn.
Størrelse og form bestemmer ein heilt sjølv - og for dei som kjenner oss er det vel ingen løyndom at det største fatet er mitt.
Stjerna og hjertene er surra med ståltråd.