Viser innlegg med etiketten stein. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stein. Vis alle innlegg

mandag 15. mai 2017

Belegningsstein

 Ja, nå skal det endeleg bli belegningsstein i torget. Men før me kjem så langt må både gamal grus/jord ut og stabilt underlag inn.

 Det var her eg snubla og skada armen. 11sting på høgrearmen er dårleg kombinasjon med jordkjøring, steinlegging, hagearbeide og våronn. Måtte få hjelpa av 20 åringen til å sette poteter ein dag - og då kom det frå henne: "Er dette absolutt nødvendig, mamma? " Nei, klart det er ikkje det, men det er så kjekt. Ja vel, men ikkje for ein 20 åring - forstår det, og kan nok være nyttig for nokon kvar det spørsmålet. Kva er det som er absolutt nødvendig ?
 Eg har to gode guttar også, så det går framover - skal bli bra dette.

fredag 13. mai 2016

Kom mai du skjønne milde

Har vore meir enn mildt i mai dette året.

Godt det finnes skuggeplasser i hagen på slike dagar.

Lykke å få arbeide ute når sola skin. Her lages det litt "rufsete klatrestativ" for klematis og andre kjekke ting.
Ei lita hytte til barnebarna klarte me også å snike inn.


På taket her har eg og hatt arbeidsplassen min nokre dagar, og eg seier som Pippi "Dette har eg aldri gjort før, så det kan eg heilt sikkert"  Sedumtak på nybygget, spennande.

Det sprett og blomstrar både høgt og lågt.
Og eg gleder meg over små detaljer, og frimodige fargekombinasjonar.

Pilarbeid og steinarbeid i salig blanding.
Kall meg gjerne "steingal" Kjem langt med spett, sekketralle og nokre stokkar.

Så fornøyd med dagens arbeid, og arbeidsledig blir eg ikkje med det første. God pinsehelg.


onsdag 6. januar 2016


Vinter
 Endeleg har me fått kuldegrader og vinterstemning.




 Her var eg idag og henta skjell, eller tomme sneglehus er det faktisk. Kva eg skal bruke dei til ? Nei det vil eg ikkje fortelle enno. men eg har fått eit spennane og utfordrande oppdrag. Kjem bilder etterkvart, iallefall om eg får til det eg har tenkt.

" Takk for idag" mitt vakre landskap - eg kjem snart igjen.

søndag 5. juli 2015

Alt har si tid

 Hengebjørka i tunet må vike for nytt tilbygg.
Det same må grua, den som har gitt oss så mykje bålkos.
 Garasjegrunnen er snart klar, og nye murar reiser seg.

 Heldige meg som har så god maskinførar.