Orkide og litt til
Jobbar mykje med tørt gras eg, tykkjer det er så godt materiale. Her er det stjernedryss med orkidepynt.Alle bildene her er frå demonstrasjonen eg hadde ikveld - for ein orkideglad gjeng.
Vanskeleg å få tatt gode bilder, men håper likevel dei kan gje litt inspirasjon. Alt utanom orkideplantene er gratis naturmaterialer. Det "kostar" berre ein tur i hagen og litt i ein grøftekant. Kom på noko lærlingen min sa då eg skreiv dette: Det var ein dag nokon som lurte på om det alltid var åpent her, og om det i tilfellet berre var å komme innom ? Eg svara at det kunne nok være lurt å gjere ein avtale i førevegen, for det hender rett som det er at eg er ute på eit eller anna. Og så kom det kjapt frå Maria: " ja ein veit aldri kva grøftekant ho ligg i" Fantastisk, eg elske slike kommentarer :) Ein kan både finne skattar og kvile i ein grøftekant. God adventstid