Meurthe-et-Moselle
Meurthe-et-Moselle | |
---|---|
![]() | |
Våpenskjoldet til Meurthe-et-Moselle | |
Plassering | |
![]() | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 54 |
Region: | Lorraine |
Préfecture: | Nancy |
Sous-préfectures: | Briey Lunéville Toul |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 44 |
Kommunar: | 594 |
Président du conseil général: | Michel Dinet |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 28. |
-1999 | 713 779 |
Folketettleik: | 136/km² |
Landareal¹: | 5 246 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Meurthe-et-Moselle er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Lorraine, og er kalla opp etter elvane Meurthe og Moselle.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Meurthe-et-Moselle vart oppretta i 1871 ved slutten av Den fransk-prøyssiske krigen frå områda til departementa Moselle og Meurthe. Den noverande grensa mellom Meurthe-et-Moselle og Moselle vart grensa mellom Frankrike og Tyskland frå 1871 til 1919.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Lorraine og grensar til departementa Meuse, Vosges, Bas-Rhin og Moselle, i tillegg til Luxembourg og Belgia.
Det strekkjer seg 130 km frå nord til sør og er mellom 7 og 103 km breitt frå vest til aust.
Dei viktigaste elvane i departementet er:
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Fram til 1960-åra var økonomien i stor grad basert på gruvedrift. Her vert det vunne ut jern, salt og kalk.
Storbyområdet rundt Nancy har ein svært dynamisk økonomi som stort sett er basert på tenester, forsking og høgare utdanning.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Meurthe-et-Mosellans.
Området rundt Nancy er svært urbanisert, medan Santois i sør er forholdsvis landleg.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4a/Commons-logo.svg/15px-Commons-logo.svg.png)
- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside Arkivert 2003-02-18 ved Wayback Machine.
- Offisiell turistside Arkivert 1999-10-14 ved Wayback Machine.