Seine-Maritime
Seine-Maritime | |
---|---|
Våpenskjoldet til Seine-Maritime | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 76 |
Region: | Haute-Normandie |
Préfecture: | Rouen |
Sous-préfectures: | Dieppe Le Havre |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 69 |
Kommunar: | 745 |
Président du conseil général: | Didier Marie |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 10. |
-2004 | 1 245 457 |
Folketettleik: | 198/km² |
Landareal¹: | 6 278 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Seine-Maritime er eit departement nord i Frankrike. Departementet ligg i regionen Haute-Normandie, og er kalla opp etter elva Seinen. Fram til 1955 vart departementet kalla Seine-Inférieure.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Seine-Inférieure var eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Normandie. I 1955 skifta departementet namn til Seine-Maritime.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Haute-Normandie og grensar til departementa Somme, Oise og Eure, i tillegg til Den engelske kanalen i nord og vest. Den viktigaste elva er Seinen, som munnar ut i Den engelske kanalen ved Le Havre.
Departementet inneheld kalkplatået i Pays de Caux og klippene ved kysten. Det finst to typar landskap her. Det tørre kalkplatået er hovudsakleg flatt og vert nytta til jordbruk. I tillegg er det forholdsvis djupe dalar gravne ut på platået. Dette er ofte noko overraskande for vitjande i området, sidan dei stort sett ikkje er synlege frå dei fleste områda av platået.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Seinomarins / Seinomarines.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Handlinga i romanen La Place av Annie Ernaux finn stort sett stad i Seine-Maritime og skildrar hendingar og endringar som finn stad her på 1900-talet.