Maine-et-Loire
Maine-et-Loire | |
---|---|
Våpenskjoldet til Maine-et-Loire | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 49 |
Region: | Pays de la Loire |
Préfecture: | Angers |
Sous-préfectures: | Cholet Saumur Segré |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 41 |
Kommunar: | 363 |
Président du conseil général: | Christophe Béchu |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 26. |
-1999 | 723 942 |
Folketettleik: | 102/km² |
Landareal¹: | 7 166 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Maine-et-Loire er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Pays de la Loire, og er kalla opp etter den tidlegare provinsen Maine og elva Loire.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Maine-et-Loire er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Opphavleg vart departementet kalla Mayenne-et-Loire, men namnet vart endra alt i 1791. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Anjou.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Pays de la Loire og grensar til departementa Ille-et-Vilaine, Mayenne, Sarthe, Indre-et-Loire, Vienne, Deux-Sèvres, Vendée og Loire-Atlantique.
Departementet har eit variert landskap med skogkledde åsar i sør og i nord med dalen til elva Loire i mellom. Det høgaste punktet er Colline des Gardes på 210 meter.
Området har mange framkommelege elvar som Loire, Sarthe, Mayenne, Loir og Authion.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Angevins etter den tidlegare provinsen Anjou.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Ryttarane av Cadre Noir i Saumur, slotta i Loiredalen og det kongelege klosteret Fontevraud med Plantagenetgravene er alle store attraksjonar.