Hopp til innhald

Président du conseil général

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Président du conseil général, fransk for President i hovudstyret, er ein lokalt vald leiar for Hovudstyret i eit departement i Frankrike. Stillinga vert vald av styremedlemmane, og visst det er uavgjort vert den eldste medlemen vald.

Président du conseil général har politisk makt, og ansvarsområda er mellom anna:

  • Vere formann for styresmaktene i departementet
  • Klargjere og utføre avgjerslene til styret.
  • Samle inn pengar og avgjere kva dei skal brukast til
  • Representere departementet i rettssaker.