Nièvre
Nièvre | |
---|---|
Våpenskjoldet til Nièvre | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 58 |
Region: | Bourgogne |
Préfecture: | Nevers |
Sous-préfectures: | Château-Chinon Clamecy Cosne-Cours-sur-Loire |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 32 |
Kommunar: | 312 |
Président du conseil général: | Marcel Charmant |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 83. |
-1999 | 225 198 |
Folketettleik: | 33/km² |
Landareal¹: | 6 817 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Nièvre er eit departementet sentralt i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bourgogne og er kalla opp etter elva Nièvre.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Nièvre er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna av den tidlegare provinsen Nivernais.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Nièvre er ein del av regionen Bourgogne, men var tidlegare ikkje ein del av provinsen Burgund. Departementet grensar til departementa Yonne, Côte-d'Or, Saône-et-Loire, Allier, Cher og Loiret.
Vin
[endre | endre wikiteksten]Nièvre er velkjend for kvitvinen Pouilly Fumé, som vert produsert her. Vingardane er spreidd rundt landsbyar som Pouilly-Sur-Loire, som er opphav til namnet, Tracy sur Loire, Boisgibault og Saint Andelain. Dei einaste druene som er tillatne i Pouilly-Fumé AC er Sauvignon Blanc, som gjev vin som er generelt skarp og noko grasgrøn.