Ardèche
- For elva med same namn, sjå elva Ardèche
Ardèche | |
---|---|
Våpenskjoldet til Ardèche | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 07 |
Region: | Rhône-Alpes |
Préfecture: | Privas |
Sous-préfectures: | Largentière Tournon-sur-Rhône |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 33 |
Kommunar: | 339 |
Président du conseil général: | Pascal Terrasse |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 76. |
-1999 | 286 023 |
Folketettleik: | 52/km² |
Landareal¹: | 5 529 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Ardèche (oksitansk Ardecha) er eit departementet sør i sentrale området av Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes, og er kalla opp etter elva med same namn.
History
[endre | endre wikiteksten]Ardèche er ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Gjennom 1800-talet gjennomgjekk departemenet ein moderat økonomisk vekst. Folketalet auka frå 273 000 i 1793 til 388 000 i 1861. Silkeormindustrien blømde fram til 1855 då sjukdom påverka ormane og konkurransen med Kina førte til økonomiske tap. Ved Privas dreiv ein gruvedrift etter jernmalm, men dette vart raskt utvunne. Som følgje av dette vart seks masomnanlegg oppretta, men dei gjekk forholdsvis dårleg, og det siste vart lagt ned ved Pouzain i 1929.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet, som består av den gamle provinsen Vivarais, er omringa av dei franske departementa Drôme, Vaucluse, Gard, Lozère, Haute-Loire og Isère. Departementet er prega av store konstrastar. Dei lågaste områda der Ardèche munnar ut i Rhône ligg berre 40 meter over havet, medan Mont Mézenc strekkjer seg 1 754 meter over havet.
Det er fem naturlege område i Ardèche.
- Fjella ligg i dei vestlege områda av departementa med ei middelhøgd på 1 100 meter. Elva Loire har sitt utspring i desse fjella. Fjella er dekte av snø i mange månadar om vinteren, og er ofte utsett for svært kraftig vind om hausten og vinteren (lokalt kalla «la burle»). I dalane er det regelmessig tåke og ofte kraftig regn (1 500 mm i årsnedbør), særleg i september og oktober.
- Platået Haut-Vivarais og Cevennane er ein overgangssone frå fjella til Rhônedalen.
- Bas-Vivarais, der elva Ardèche renn gjennom. Dette karstområdet er forma av kalkstein. Klimaet er tørrare og varmere enn lenger vest og nesten som middelhavsklima. Vinden kjem oftast frå nordaust, men vind frå sør (kjend som «vent du midi») og vest har mykje fukt med seg, som kan gje kraftig nedbør i fleire dagar i strekk.
- Platået Coirons som ligg i nord omringa av dalane Ouvèze, Payre, Escoutay, Col de Escrinet og Vesseaux.
- Rhônedalen ligg i aust langd foten av Vivaraisplatået. Her dominerer den kraftige mistralvinden.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert kalla Ardéchois. I 1990 fekk Ardèche igjen same innbyggjartal som dei hadde hatt 50 år tidlegare. I dag er folketalet 286 000 (samanlikna med 390 000 i 1860). Trass i denne auken er det mange som flyttar frå distrikta, og folketalet i departementet endrar seg i dag lite.