Albert Fert
Utsjånad
Albert Fert | |||
| |||
Fødd | 7. mars 1938 Carcassonne i Frankrike | ||
---|---|---|---|
Bustad | Paris | ||
Nasjonalitet | Fransk | ||
Område | Fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar, forskar | ||
Institusjonar | Université Paris-Sud Michigan State University | ||
Alma mater | École normale supérieure | ||
Doktorgradsrettleiar | I. A. Campbell | ||
Kjend for | Gigantmagnetoresistanseffekten | ||
Utmerkingar | Wolfprisen i fysikk (2006) Japanprisen (2007) Nobelprisen i fysikk (2007) | ||
Medlem | Det franske vitskapsakademiet Académie des technologies Academia Europaea Académie des arts et des sciences de Carcassonne |
Nobelprisen i fysikk
2007
Albert Fert (fødd 7. mars 1938) er ein fransk forskar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk for 2007 saman med Peter Grünberg. Dei to fekk prisen for utviklinga av ein teknologi som har ført til at storleiken på harddiskar i datamaskinar er vorte kraftig redusert dei siste åra.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Fert tok eksamen ved École normale supérieure i Paris i 1962. Han tok ein mastergrad i 1963 på Université Paris IV - Sorbonne, og tok doktorgraden sin i 1970 på Université Paris-Sud. I 1988 oppdaga Fert den kvantemekaniske gigantmagnetoresistanseffekten (GMR), som samstundes og heilt uavhengig vart oppdaga av Peter Grünberg frå Forschungszentrum Jülich.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Albert Fert» frå Wikipedia på bokmål, den 18. februar 2012.