Kvantemekanikk
Utsjånad
Kvantemekanikken er ei grein innan fysikken. Han vart utvikla i perioden 1925–1928, som eit svar på at den klassiske mekanikken forutsa andre resultat enn dei målte i ein del avgjerande fall. Kvantemekanikken seier at i bundne fysiske system er materien i røynda kvantisert. Denne kvantiseringa går likevel over så små storleiksskalaer at ho er vanskeleg å leggja merke til. For prosessar som involverer atomære og subatomære storleikar spelar kvantemekanikken ei avgjerande rolle, til dømes
- atomspektra
- fotoelektrisk effekt
- radioaktivitet
- superleiarar
- temperaturavhengig varmekapasitet i ein del stoff
Aksiomatisk oppbygging
[endre | endre wikiteksten]Kvantemekanikken baserer seg på fire grunnleggjande postulat:
- Tilstanden til eit fysisk system kan skildrast fullstendig ved ein tilstandsfunksjon |Ψ>. Denne funksjonen må oppfylle Schrödingerlikninga.
- Alle observerbare storleikar på systemet kan lesast ut frå funksjonen |Ψ>. Til kvar observerbare storleik A høyrer det i kvantemekanikken til ein lineær operator Â.
- Forventningsverdien av ein observerbar storleik A er gjeven ved <A> = <Ψ|Â|Ψ>. Altså kan vi rekne ut kva gjennomsnittet av fleire målingar vil bli ved hjelp av operatoren  og eit indre produkt mellom |Ψ> og den komplekskonjugerte <Ψ|.
- Ei måling av ein observerbar storleik A kan berre gje som resultat ein av eigenverdiane an til operatoren Â. Rett etter målinga er systemet i tilstanden Ψn svarande til den målte eigenverdien, men etter kvart kan systemet skli over til andre eigentilstandar.
Kvantemekaniske resultat
[endre | endre wikiteksten]Eit av dei viktigaste resultata frå kvantemekanikken er Heisenbergs uskarpheitsrelasjon. Erwin Schrödinger spelte også ei viktig rolle i kvantemekanikken, og kom med Schrödingerlikninga.