Igor Tamm
Igor Tamm
Игорь Евгеньевич Тамм | |||
Igor Tamm | |||
Fødd | 8. juli 1895 Vladivostok i Det russiske keisardømet | ||
---|---|---|---|
Død | 12. april 1971 (75 år) Moskva i Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk i Sovjetunionen | ||
Nasjonalitet | Sovjetisk | ||
Område | teoretisk fysikk | ||
Yrke | teoretisk fysikar, oppfinnar, universitetslærar, fysikar | ||
Institusjonar | Moskvas institutt for fysikk og teknologi Statsuniversitetet i Moskva Lebedev-instituttet for fysikk | ||
Alma mater | Statsuniversitetet i Moskva | ||
Doktorgradsrettleiar | Leonid Mandelstam | ||
Kjend for | Tsjerenkoveffekten Tamm–Dancoff-tilnærminga | ||
Ektefelle | Nataliya Shuyskaya | ||
Barn | Jevgeni Igorevitj Tamm | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det russiske vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences Det polske vitenskapsakademi |
Igor Jevgenjevitsj Tamm[a] (8. juli 1895–12. april 1971) var ein sovjetisk fysikar, kjend for arbeid innan kvantefysikk, strålingsteori, plasmafysikk og kjernefysikk. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1958 saman med Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov og Ilja M. Frank for oppdaginga og tolkinga av Tsjerenkoveffekten.[1]
Livsskildring
[endre | endre wikiteksten]Tamm vart fødd i Vladivostok i Russland i 1895. Bestefaren, Teodor Tamm, hadde emigrert frå Thüringen i Tyskland til Russland.[2], og fleire kjelder oppgjev at han var jøde.[3][4][5][6][7] Foreldra heitte Olga og Evengij og faren var sivilingeniør.[8] Han studerte fysikk på gymnaset i Elisavetgrad (nå Kropyvnytskyj) i Ukraina.[8] Åra 1913-14 studerte han ved universitetet i Edinburgh.[2][8]
Under fyrste verdskrig deltok han som frivillig i saniteten i den raude hæren. Han tok aktivt del i revolusjonsrørsla i 1917 som krigsmotstandar og under marsrevolusjonen var han med i fleire revolusjonskomitéar. Sidan fullførte han fysikkstudia ved statsuniversitetet i Moskva i 1918.[2]
Tamm gifta seg med Natalija Sjujskaja i september 1917; dei fikk to barn, Irina (1921-2009) som vart kjemikar, og Evengij (1926-2008), som vart fysikar og fjellklatrar. Evengij leia den sovjetiske ekspedisjonen til toppen av Mount Everest i 1982.[9]
I 1919 var han lærer ved i fysikk i Simferopol på Krim, og seinare ved det polytekniske institutt i Odessa.[2]
1. mai 1923 byrja Tamm å undervise i fysikk ved det statlege pedagogiske universitetet i Moskva. Same år fullførte han det første vitskaplege verket sitt, Electrodynamics of the Anisotropic Medium in the Special Theory of Relativity.[10] På denne tida var han oppslukt av fysikk, han skreiv i eit av breva sine at fysikk var alt han tenkte på, i tillegg roste han Albert Einstein for relativitetsteorien.[2] I 1928 var han eit par månader med Paul Ehrenfest ved Universitetet i Leiden. Frå 1934 var han òg leiar for den teoretiske avdelinga ved fysikkinstituttet til Vitskapsakademiet ved Lebedev-instituttet.
Under andre verdskrigen var han fysikar for staten og utvikla teorien om atomkjernen og elementærpartiklane, i samband med utviklinga av hydrogenbomba. Mellom 1949 og 1953 budde han i «den hemmelege byen» Sarov som leiar av ei gruppe som skulle utvikle ei hydrogenbombe, men han slutta arbeidet der kort tid etter den fyrste hydrogenbomba var detonert,[2][11] og for attende til Lebedev-instituttet i Moskva.
I 1934 foreslo Tamm og Semjon Altsjuller at nøytron har ei magnetisk rørsle som ikkje er lik null.[12][13] Ideen vart møtt med skepsis, sidan nøytronet skulle vera ein elementærpartikkel utan ladning, og difor ikkje kunne han noko magnetisk rørsle. Same år la Tamm fram ideen om at proton-nøytron-interaksjonar kunne forklarast med ei utveksling av energi via ein då ukjent, men stor partikkel.[14][15] Denne ideen vart seinare utvikla vidare av Hideki Yukawa til teorien om mesonkrefter.[14][15]
Tamm døydde 12. april 1971 og vart gravlagt på Novodevitsjijgravstaden i Moskva.[18]
Krateret Tamm på månen han namn etter han.[19]
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Russisk skrift Игорь Евгеньевич Тамм
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Igor Tamm» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ www.nobelprize.org. «The Nobel Prize in Physics 1958» (på engelsk). Henta 5. oktober 2015.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 http://www.peoples.ru. «Биография Игорь Тамм» (på russisk). Henta 5. oktober 2015.
- ↑ Marshall Sklare (1982). Understanding American Jewry. s. 108. ISBN 978-0-87855-454-6.
- ↑ Joan Comay; Lavinia Cohn-Sherbok (2002). Who's who in Jewish history: after the period of the Old Testament. Routledge. s. 362. ISBN 978-0-415-26030-5.
- ↑ Bernard S. Schlessinger (1996). The who's who of Nobel Prize winners, 1901–1995. Oryx Press. s. 201.
- ↑ Ioan Mackenzie James (2009). Driven to innovate: a century of Jewish mathematicians and physicists. Peter Lang Publishers. s. 262. ISBN 978-1-906165-22-2.
- ↑ Wentzel Van Huyssteen (2003). Encyclopedia of Science and Religion, Volume 2. MacMillan Reference USA. s. 493.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 http://n-t.ru (24. juli 1999). «ТАММ, Игорь Евгеньевич» (på russisk). Henta 5. oktober 2015.
- ↑ «Mountaineering, climbing. January - February 2008 news» (på engelsk). www.russianclimb.com. Henta 5. oktober 2015.
- ↑ Evgenij Lʹvovitsj Feinberg, Reminiscences about I. E. Tamm (1987)
- ↑ Andrei Sakharov. Memoirs. Hutchinson. ISBN 0091746361.
- ↑ Tamm, Igor Jevgenjevitsj og Alshuler, Semjon, Magnetic moment of a neutron, Reports of the Academy of Science USSR, s. 1, 8, 455 (1934) (russisk)
- ↑ Tamm, Igor Jevgenjevitsj (1934). «Nuclear Magnetic Moments and the Properties of the Neutron». Nature 134 (3384): 380. doi:10.1038/134380b0. (engelsk)
- ↑ 14,0 14,1 Tamm, Igor Jevgenjevitsj (1934). «Exchange Forces between Neutrons and Protons, and Fermi's Theory». Nature 133 (3374): 981. doi:10.1038/133981a0. (engelsk)
- ↑ 15,0 15,1 Tamm, Igor Jevgenjevitsj (1934). «Interaction of Neutrons and Protons». Nature 134 (3400): 1010. doi:10.1038/1341010c0. (engelsk)
- ↑ V. L. Ginzburg (2005). About Science, Myself and Others. CRC Press. s. 253. ISBN 9780750309929.
- ↑ E. L. Feinberg (2011). Physicists: Epoch and Personalities (2 edition). World Scientific. s. 86. ISBN 9789812834164.
- ↑ nd.m-necropol.ru. «Новодевичье кладбище. Тамм Игорь Евгеньевич (1895-1971)» (på russisk). Henta 5. oktober 2015.
- ↑ «Planetary Names: Crater, craters: Tamm on Moon». planetarynames.wr.usgs.gov. Henta 4. oktober 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Nobelprisen i fysikk 1958 hos Nobelprize.org
- (en) Igor Tamm hos Nobelprize.org i samband med tildelinga av Nobelprisen i fysikk 1958
- Einskildmenn
- Fødde i 1895
- Døde i 1971
- Russiske fysikarar
- Russiske nobelprisvinnarar
- Jødiske nobelprisvinnarar
- Nobelprisen i fysikk
- Sovjetiske nobelprisvinnarar
- Fysikarar på 1900-talet
- Eksperimentelle fysikarar
- Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet
- Partikkelfysikarar
- Russiske oppfinnarar
- Sovjetiske fysikarar
- Stalinprisen