Frits Zernike
Utsjånad
Frederik Zernike | |||
Frits Zernike (1888-1966) | |||
Fødd | 16. juli 1888 Amsterdam i Nederland | ||
---|---|---|---|
Død | 10. mars 1966 (77 år) Amersfoort i Nederland | ||
Nasjonalitet | Nederlandsk | ||
Område | Fysikk | ||
Yrke | Fysikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Groningen | ||
Alma mater | Universitetet i Amsterdam | ||
Doktorgradsrettleiar | Andreas Smits | ||
Kjend for | Ornstein–Zernike-ligning Zernike-polynomer Fasekontrastmikroskopi | ||
Utmerkingar | Rumfordmedaljen (1952) Nobelprisen i fysikk (1953) | ||
Ektefelle | Dora van Bommel van Vloten, Lena Koperberg-Baanders | ||
Barn | Frits Zernike | ||
Medlem | Royal Society Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen |
Frederik (Frits) Zernike (16. juli 1888–10. mars 1966) var ein nederlandsk fysikar.
Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1953 for utviklinga og oppdaginga av fasekontrast, ein optisk teknikk som gjer det mogeleg å studere særs fine strukturar i levande celler gjennom mikroskop. Zernike gjorde oppdaginga i 1930, men først i 1941 vart fasekontrastmikroskopet sett i produksjon i Tyskland. Teknikken har hatt og har framleis stor tyding innan medisinsk forsking, og vert òg nytta mellom anna til rutineundersøkingar av bakteriar, protozoar og vev.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Frits Zernike» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.