Hopp til innhald

Lev Landau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lev Landau

Lev Landau (høgre) saman med Niels Bohr
FøddЛев Давидович Ландау
22. januar 1908
Baku i Aserbajdsjan i Det russiske keisardømet
Død1. april 1968 (60 år)
Moskva i Sovjetunionen
BustadSovjetunionen
StatsborgarskapSovjetisk
NasjonalitetDet russiske imperiet, Den demokratiske republikken Aserbajdsjan, Sovjetunionen
Områdeteoretisk fysikk
Yrkefysikar, oppfinnar, faglitterær forfattar, universitetslærar, teoretisk fysikar, matematikar
InstitusjonarUniversitetet i Kharkiv
Kharkiv Institute of Physics and Technology
P.L. Kapitza Institute for Physical Problems RAS
Ioffe Institute
Statsuniversitetet i Moskva
Moskvas institutt for fysikk og teknologi
Alma materStatsuniversitetet i Sankt Petersburg
Ioffe-Instituttet
DoktorgradsrettleiarAbram Ioffe
DoktorgradsstudentarAlexei A. Abrikosov
Kjend forSuperfluiditet
Superkonduktivitet
EktefelleKonkordija Terentʹevna Landau-Drobanceva
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
National Academy of Sciences
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet

Lev Davidovitsj Landau (russisk Лев Давидович Ландау) (22. januar 19081. april 1968) var ein av dei store fysikarane på 1900-talet. Han gjorde viktige bidrag innan mange felt, mellom anna superleiing i superfluiditet, kvanteelektrodynamikk i kjernefysikk og partikkelfysikk. Han skapte teorien om andreordens faseovergangar. Mange fysiske fenomen er knytt til namnet hans, mellom anna Landau-polar i Landau-demping i Landau-kvantisering og Landau-nivå.

Saman med Lifsjitz skreiv Landau ein bokserie som var meint på konsistent vis å dekke all teoretisk fysikk. Denne er framleis i omfattande bruk.

Han fekk Nobelprisen i fysikk i 1962.


Landau vart fødd 22. januar 1908 i Baku. Faren jobba som petroleumsingeniør og mora var lege som òg jobba med forsking.

Han viste tidleg at han var dugande, og Landau avslutta sine skulefag som 13-åring. Alt då var han tiltrekt av dei eksakte vitskapane. Han studerte matematisk analyse på eigahand og han pleidde seinare å seie at han knapt kunne minnast ei tid han ikkje kunne derivere og integrere.

I 1922 vart Landau immatrikulert på institutt for fysikk ved Leningrad-universitetet. I Leningrad, senteret for sovjetisk fysikk på den tida, vart han fortruleg med teoretisk fysikk, som var i valdsam utvikling. Arbeidsmengda og entusiasmen han la for dagen var enorm, slik at han om natta ikkje fekk sove, men fortsetje med å flytte formlar omkring.

Seinare pleidde han å skildre korleis han på denne tida vart slått av den fantastiske venleiken i den generelle relativitetsteorien. Tilsvarande las han ekstatisk artiklar av Schrödinger og Heisenberg, som signaliserte starten på den nye kvantemekanikken. Frå dei fekk han ikkje berre gleda over venleiken til naturvitskapen, men òg ei spontan erkjenning av det menneskelege geniet, viss største triumfen er evna til å fange omgrep sjølv utanfor grensene til fantasien.

Frå 1932 var Landau overhovud for teori-avdelinga på Institutt for fysikk og teknologi i Kharkov i Ukraina. I 1937 var han leiar for teori-avdelinga på Institutt for fysiske problem i Moskva. Han var òg medlem av Det sovjetiske vitskapsakademiet.

I 1937 gifta han seg med K.T. Drobanzeva og i 1946 fekk dei ein son, Igor, som vart eksperimentalfysikar.

Han vart arrestert i 1938 under Stalin si utreinsking av jødar, men vart sloppe ut etter éit år ved at fysikaren Pjotr Kapitsa personleg klaga til Stalin. Seinare skulle Landau motta Stalinprisen tre gonger.

I 1946 vart Landau vald som fullt medlem av Det sovjetiske vitskapsakademi. I 1951 vart han velta som medlem av Det kongelege danske vitskapsakademiet og i 1956 Det kongelege nederlandske vitskapsakademiet. I 1960 mottok han F. London-prisen (USA) og Max Planck-medaljen (Vest-Tyskland). I 1962 vart han æra med Nobelprisen i fysikk for pionerarbeidet sitt i faststofffysikken, og då spesielt flytande helium.

I 1962 var han utsett for ei alvorleg bilulukke som hindra han frå vidare vitskapleg arbeid.

Lev Landau døydde i 1968 og vart gravlagt på Novodevichy gravplass.

Arbeidsmetode

[endre | endre wikiteksten]

Eit unik aspekt ved arbeidsmåten hans var at nesten aldri las vitskaplege artiklar eller bøker, men likevel var à jour med det nyaste i fysikken. Han heldt seg oppdatert ved hjelp av tallause diskusjonar og frå artiklar som vart presentert på seminar under leiinga hans. Desse seminara vart halde vekentleg i meir enn 30 år, og dei siste åra samla dei teoretiske fysikarar frå heile Moskva. Artikkelpresentasjonar vart ein heilag plikt for alle studentar og medarbeidarar og Landau sjølv var særs nøye med å plukke material for presentasjonane. Han var interessert og tilsvarande kompetent innan alle greiner av fysikken, slik at det ikkje var lett for seminardeltakarane å følgje tråden i diskusjon, som gjekk frå, la oss seie, eigenskapar med merkelege partiklar til diskusjonar om energispekteret til partiklar i silisium. Å lytte til artikkelpresentasjonabe var for Landau aldri ein tom formalitet. Han fekk ikkje ro før heile essensen av eit vitskapleg arbeid var belyst og alle spor av filologi - ikkjebeviste utsegner og førehandstruer gjort ut frå prinsippet «kvifor ikkje?» - var eliminert.

Faktisk, normalt var det tilstrekkeleg for han å kjenne berre omrisset av eit vitskapleg arbeid for å reprodusere alle resultata. Som regel fann han det lettare å finne dei på eiga hand enn å følgje detaljane i tankebanane til andre forfattarar. På denne måten reproduserte han dei fleste fundamentale resultata innan den teoretiske fysikken. Dette var kanskje òg grunnen til den fenomenale evna hans til å svare på praktiske spurnader om fysikk.

Den vitskaplege stilen til Landau var fri frå den di verre ganske utbreidde tendensen til å vanskeleggjere det enkle (ofte med grunnlag om generalitet og formalitet som uansett viser seg illusorisk). Sjølv streva han mot det motsetje: å forenkle det kompliserte, å avdekke det sanne enkle i naturlovene. Denne evna til å forenkle og konkretisere var ein eigenskap han sette særs høgt.

Heider av arbeid eins er meir eller mindre viktig for kvar og ein vitskapsmann, så òg for Landau. Likevel kan det seiast at han la lite vekt på dette. Den store motivasjonen var ei utrøytteleg nysgjerrigheit og lidenskap for oppdaginga av naturlovene, både i sine store og små manifestasjonar.

Bøker av Landau

[endre | endre wikiteksten]

Bøkene vart skrivne i samarbeid med Lifshitz og dannar ein serie

  • «Course of Theoretical Physics : Mechanics»
  • «Course of Theoretical Physics : The Classical Theory of Fields»
  • «Course of Theoretical Physics : Quantum Mechanics: Non-Relativistic Theory»
  • «Course of Theoretical Physics : Relativistic Quantum Theory»
  • «Course of Theoretical Physics : Statistical Physics Pt. 1»
  • «Course of Theoretical Physics : Fluid Mechanics»
  • «Course of Theoretical Physics : Theory of Elasticity»
  • «Course of Theoretical Physics : Electrodynamics of Continuous Media»
  • «Course of Theoretical Physics : Statistical Physics: Theory of the Condensed State Pt. 2»

Serien har elles ytterlegare to bind skriven av Lifshitz og Pitajevskij.

I tillegg kjem mange vitskaplege artiklar.

Bøker om Landau

[endre | endre wikiteksten]
  • Dorozynski, Alexander (1965). «The Man They Wouldn't Let Die» (peikar på de siste 6 åra etter bilulykken)
  • Landau-Drobantseva, Kora (1999). «How We Lived»

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]