George E. Smith
Utsjånad
George E. Smith | |||
George E. Smith | |||
Fødd | 10. mai 1930 (94 år) White Plains, New York | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Amerikansk | ||
Område | Anvendt fysikk | ||
Yrke | fysikar, fotograf, vitskapsperson, oppfinnar | ||
Institusjonar | Bell Labs | ||
Alma mater | University of Chicago (PhD 1959) University of Pennsylvania (BSc 1955) | ||
Kjend for | Charge-coupled device | ||
Utmerkingar | IEEE Morris N. Liebmann Memorial Award (1974) Draperprisen (2006) Nobelprisen i fysikk (2009) | ||
Medlem | National Academy of Engineering American Physical Society |
George E. Smith (fødd 10. mai 1930) er ein amerikansk fysikar og Nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2009 saman med Willard Boyle «for oppfinninga av ein halvleiarkrins – CCD-sensor». Smith og Boyle delte den eine halvparten av prispengane, medan Charles K. Kao vart tildelt den andre halvparten «for banebrytande arbeid innan overføring av lys i fiber for optisk kommunikasjon».
Smith fekk ein bachelor of science ved University of Pennsylvania i 1955 og ein filosofisk doktorgrad ved University of Chicago i 1959 med ei avhandling på berre tre sider.[1] Han jobba ved Bell Labs i Murray Hill i New Jersey, frå 1959 og fram til han gjekk av i 1986. Her ledet han forskinga på nye laser- og halvleiarkomponenter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «George E. Smith» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ George Smith telephone interview, Nobelstiftelsen, 6. oktober 2009, henta 8. september 2011