Sothøne
Sothøne | |
Fulica atra | |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiinga av sothøne | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Riksefamilien Rallidae |
Slekt: | Fulica |
Art: | Sothøne F. atra |
Vitskapleg namn | |
Fulica atra |
Sothøne (Fulica atra) er ein fugl i riksefamilien. Han held helst til i grunne vassområde med takrøyr, siv og flytande planter. Føda er mest plantekost. Han et og insekt og sniglar.
Fuglen er utbreidd frå Sentral- og Aust-Europa og Nord-Afrika til Sibir og Australia. I Noreg er han vanlegast ved Oslofjorden, på Jæren og i Trøndelag. Ein reknar at det hekkar 270-475 par i Noreg.[2]
Sothøna er delvis trekkfugl. Ho dreg truleg til Dei britiske øyane og Mellom-Europa. Ein del fuglar overvintrar langs den sørlege del av norskekysten.
Sothøna er svart. Nebb og panne er kvit. Beina er grønaktige. Dei har symjelappar. Ungfuglane har lysare strupe og fremre del av brystet. Dunkyllingane har oransjeraudt hovud.
Sothøna byggjer reir i tett vegetasjon. Reira er ofte store og flytande. Hofuglen legg 6-10 grågule egg med mørke prikkar. Båe fuglane rugar. Ungane forlet reiret etter 3-4 dagar, og kan flyge når dei er 7-8 veker gamle.
-
Dununge
-
Egg
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk RingmerkingsAtlas. Volum 2. Stavanger 2006. ISBN 82-90054-65-3
- ↑ Artsdatabanken Raudliste faktaark sothøne Fulica atra Linnaeus, 1758 Henta 4. desember 2010
- ↑ Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av sothøne Fulica atra for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 9. januar 2022