Livskraftig
Livskraftig, standardforkorting LC for engelsk Least concern, er eit omgrep brukt innan raudlisting av artar. At ein art er «livskraftig» tyder at han er vurdert og ikkje rekna som truga. Global raudliste frå 2006 hadde 15 636 oppføringar under «livskraftig».
Artar som ikkje er rekna som livskraftige kan anten vera truga i ein eller annan grad, eller ein kan mangla data på dei. I nokre høve kan også «livskraftige» artar likevel vera truga, anten innanfor eit mindre område (som Noreg), eller fordi tilstanden deira har endra seg sidan siste vurdering (som i nokre høve kan gå tilbake til 2000) og ikkje blitt oppdatert.
Nær truga artar
[endre | endre wikiteksten]Nokre artar kan ikkje kallast truga, men er heller ikkje heilt livskraftige. Desse blir kalla «nær truga» (NT, Near Threatened). Artar som ligg nær nokre av kriteria for sårbare artar, eller artar som er avhengige av tiltak for ikkje å bli truga, kan reknast som nær truga.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Least Concern» frå Wikipedia på svensk, og «Least Concern» frå Wikipedia på engelsk den 15. juli 2010.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Near Threatened» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Least Concern species ved iucnredlist.org