Brexit
Treng oppdatering |
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Brexit (samansett av «Britain» og «exit») er eit utbreidd namn på prosessen med å ta Storbritannia ut av Den europeiske unionen (EU).[1] Landet blei medlem av EU i 1973. I 2016 stemte eit fleirtal i ei rådgjevande folkerøysting for å forlata EU, og i 2020 skjedde det offisielt. Storbritannia er den einaste nasjonen som har forlate Den europeiske unionen.[2]
Den britiske folkerøystinga om medlemskapen vart halden den 23. juni 2016. 51,89 % av veljarane stemde for å forlata EU, medan 48,11 % stemde for å verta verande i EU.[3]
Prosess
[endre | endre wikiteksten]I mars 2017 vedtok det britiske parlamentet ei lov som gav regjeringa fullmakt til å forhandla om Storbritannias uttreden frå EU. Etter at denne loven vart sanksjonert av dronninga den 16. mars 2017 kunne regjeringa kunngjera overfor EU at landet hadde til føremål å melda seg ut, noko som sette i gang utmeldingsprosessen gjeven i artikkel 50 i Maastricht-traktaten.[4]
Forhandlingane om å melda Storbritannia ut av EU byrja formelt då regjeringa til Theresa May aktiverte artikkel 50 i Traktaten om Den europeiske unionen. Denne artikkelen kom inn i traktaten då Lisboatraktaten tredde i kraft i 2009. Artikkel 50 vart aktivert 29. mars 2017 då eit brev om Storbritannias utmeldelse vart overlevert presidenten for Europarådet, Donald Tusk.[5] Forhandlingane vert forventa å vara i to år, men tidsfristen kan forlengast.
Theresa May etablerte ein eigen minister for utmelding frå EU i juli 2016.[6] Forhandlingane var stipulert til å vara i to år. Statsminister Theresa May la opp til ei omfattande frihandelsavtale med EU til erstatning for medlemskap.[7] EUs leiing la i utgangspunktet opp til handelsavtale omtrent som den Canada har, men regjeringa ved brexit-minister David Davis sjølv ynskte ein meir omfattande avtale enn Canadas og Japans, òg omtalt som «Canada+» eller «Canada++», der blant anna finansielle tenester skulle inngå, Overgang til EFTA og eventuelt EØS er ei aktuell løysing for Storbritannia, ei løysing den britiske regjeringa avviste etter folkerøystinga.[8][9][10][11][12][13]
Utanriksminister Boris Johnson og David Davis kunngjorde 8. og 9. juli 2018 at dei trekte frå seg sina stillingar fordi dei meinte at strategien til regjeringa for å forlata EU ikkje var radikal nok.[14] Mays regjering vart 6. juli samde om å arbeida for ei frihandelsavtale med industri- og jordbruksprodukt der Storbritannia i praksis vert verande ein del av EU sin indre marknad for varer men ikkje for tenester. May ynskte òg eit regelverk for rørsle av arbeidskraft.[15]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mustad, Jan Erik (5. august 2019). «Brexit». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «EU Member Countries - List of Countries in the European Union», visaguide.world, henta 17. august 2023
- ↑ «EU Referendum Results - BBC News», www.bbc.co.uk (på engelsk), henta 17. august 2023
- ↑ «Parliament passes Brexit bill and opens way to triggering article 50». the Guardian (på engelsk). 13. mars 2017.
- ↑ «Nedtellingen er i gang for brexit | ABC Nyheter». 29. mars 2017. Henta 29. mars 2017.
- ↑ «David Davis has just been named 'minister for Brexit' in Theresa May's new Cabinet». The Independent (på engelsk). 13. juli 2016. Henta 10. mars 2018.
- ↑ «Brexit is a tragedy, but there’s much we can do before the final act | Timothy Garton Ash». the Guardian (på engelsk). 30. mars 2017.
- ↑ «Subscribe to read». Financial Times (på engelsk). 21. desember 2017.
- ↑ «Davis wants 'Canada plus' trade deal». BBC News (på engelsk). 10. desember 2017. Henta 9. mars 2018.
- ↑ «What is a ‘Canada plus plus plus’ trade deal?». The Week UK (på engelsk). 11. desember 2017. Henta 9. mars 2018.
- ↑ «Norge vil ikke ha britene i EØS - men kan gjøre lite for å stoppe dem». Aftenposten (på norsk bokmål). 4. september 2017. Henta 8. mars 2018.
- ↑ «Norwegian lessons for Brexit Britain». The Economist (på engelsk). 22. februar 2018.
- ↑ «Før brexit slaktet de EØS-avtalen. Nå kan britene ende opp som Norge likevel.». Aftenposten (på norsk bokmål). 31. august 2017. Henta 8. mars 2018.
- ↑ «Brexit secretary David Davis resigns plunging government into crisis». the Guardian (på engelsk). 9. juli 2018.
- ↑ Brexit utan handelsavtaler er økonomisk sjølvmord.
- Denne artikkelen bygger på «Brexit» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2018.