The Acid Queen
The Acid Queen Song av The Who frå albumet Tommy | ||
Utgjeve | 23. mai 1969 | |
Innspelt | 19. september 1968 til 7. mars 1969 | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 3:34 | |
Selskap | Polydor | |
Komponist | Pete Townshend | |
Tekstforfattar | Pete Townshend | |
Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
---|---|---|
Produsent | Kit Lambert |
«The Acid Queen» er ein song skriven av Pete Townshend og den niande songen i rockeoperaen til The Who, Tommy. Songen fortel om foreldra til Tommy som prøver å lækje han. Dei let han vere med ein sigøynar, ei kvinne som kallar seg «Acid Queen» (Syredronninga). Ho gjev Tommy forskjellige hallusinogene stoff.
Songen glir over i det neste sporet på albumet, «Underture», ein lang instrumental som omhandlar hallusinasjonane til Tommy og opplevingane hans med syre.
Fleire kjende songarar har spelt songen, som Merry Clayton, Patti LaBelle, Bette Midler og Tina Turner.
Tina Turner-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Acid Queen Singel av Tina Turner | ||
Utgjeve | 1976 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 3:01 | |
Selskap | United Artists, EMI | |
Komponist | Pete Townshend | |
Tekstforfattar | Pete Townshend | |
Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
---|---|---|
Produsent | Ike Turner | |
Tina Turner-kronologi | ||
«Whole Lotta Love» (1976) |
Acid Queen | «Viva La Money» (1978)
|
«Acid Queen» er den tredje singelen frå Tina Turner-albumet Acid Queen, etter «Baby Get It On» og «Whole Lotta Love». Han vart gjeven ut tidleg i 1976. Dette var ei ny innspeling og ikkje den same versjonen som Turner song i filmen Tommy i 1975, der ho spelte Acid Queen.
Songen var den siste Tina Turner-songen som vart produsert av Ike Turner før ho forlet han og the Ike & Tina Turner Revue i 1976.
Den originale filmversjonen av songen finst på samlealbuma The Collected Recordings - Sixties to Nineties (1994), Tina! (2008) og The Platina Collection (2009). Han finst òg på somme Ike & Tina Turner-samlingar som Proud Mary: The Best of Ike & Tina Turner (1991), sjølv om det offisielt er ein Tina Turner-solosong.
Songen vart spelt av Turner på 50th Anniversary Tour i 2008 med element av «Won't Get Fooled Again» og denne finst på DVDen av konsertalbumet Tina Live.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- «Acid Queen» – 3:01
- «Let's Spend the Night Together» – 2:58
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Acid Queen» frå Wikipedia på engelsk, den 12. april 2016.