Addicted to Love
Addicted to Love Singel av Robert Palmer frå albumet Riptide | ||
B-side |
«Remember to Remember» | |
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1986 | |
Innspelt | 1985 | |
Sjanger | ||
Lengd |
| |
Selskap | Island | |
Låtskrivar(ar) | Robert Palmer | |
Produsent | Bernard Edwards | |
Robert Palmer-kronologi | ||
«Riptide» (1986) |
Addicted to Love | «Hyperactive» (1986)
|
«Addicted to Love» er ein song av den engelske rockesongaren Robert Palmer frå 1986. Songen vart signaturlåten hans, delvis takka vere ein populær video med høge motemodellar.[1] Andre artistar har sidan gjeve ut versjonar av songen.
Han var den tredje songen på albumet Riptide. Versjonen som vart gjeven ut for radio, er kring fire minuttar lang, medan albumversjonen er litt over seks minuttar lang.
Songen gjekk inn på Billboard Hot 100-lista i februar 1986 og nådde toppen av den amerikanske Billboard Hot 100-lista og Top Rock Tracks-lista. Det var ein av dei siste singlane gjevne ut på vinyl som selde ein million eksemplar i USA. Songen nådde òg toppen av singellista i Australia og femteplassen på UK Singles Chart.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Opphavleg var songen meint å vere ein duett med Chaka Khan, men songen vart spelt inn utan ho fordi plateselskapet hennar på den tida ikkje gav ho løyve til å arbeide med selskapet til Palmer, Island Records. Chaka Khan er likevel oppført for vokalarrangementet i plateomslaget.
Andy Taylor frå Duran Duran (og ein bandkollega av Palmer frå The Power Station) spelar sologitar. Andre gitarparti på songen vart spelt av Eddie Martinez[2] og klaverinstrument av Wally Badarou. Songen er kjend for trommeintroen, som har ein 7/4-takt. Resten av songen er i 4/4-takt.
Noddy Holder (frontmann og vokalist i Slade) sa i eit intervju at songen var ein song han ønskte han hadde skrive sjølv. «Den største songen eg ønskte at eg hadde skrive og spelt inn sjølv er 'Addicted to Love' av Robert Palmer. For meg er det ein perfekt popsong. Alt ved denne treff spikaren på hovudet.»[3]
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]Musikkvideoen frå 1986 (som nyttar den kortare singelversjonen av songen) var regissert av den britiske fotografen Terence Donovan,[4] og var ein av dei mest ikoniske videoane frå denne tida. Videoen syner Palmer som framfører songen med eit abstrakt «band», som er ei gruppe med kvinnelege modellar med bleik hud, mykje sminke, mørkt hår og mannekeng-liknande uttrykk som liknar stilen til kvinnene i måleri av Patrick Nagel.
Den fem modellane i videoen er Julie Pankhurst (klaverinstrument), Patty Kelly (gitar), Mak Gilchrist (bassgitar) og Julia Bolino (gitar) og Kathy Davies (trommer).[5]
Mak Gilchrist sa til Q:
«Eg var 21 og fekk rolla på grunn av modellutsjånaden min. Me skulle sjå ut som og oppføre oss som mannekengar. Regissøren Terence Donovan fekk oss småfulle på ei flase vin, og då me skulle fikse sminka mista eg balansen på dei høge hælane mine og slo toppen av gitaren inn i bakhovudet på Robert, og andletet hans traff mikrofonen.»[6]
Palmer brukte «modellkonseptet» i videoen for videoane sine i tre andre songar: «I Didn't Mean to Turn You On» (òg frå Riptide), «Simply Irresistible» og den animerte «Change His Ways» (begge frå Heavy Nova).
VH1-programmet Pop-Up Video fortel at det vart leigd inn musikarar for å lære modellane grunnleggande fingerteknikar, men at dei «gav opp etter ein time og forsvann». Episoden påpeiker òg fleire koreografiske feil, som at modellane ikkje er i takt med kvarandre, og rører seg då rytmen stoppar, som under det andre refrenget.
Musikkvideoen vart rangert på tredjeplassen på VH1's Top 20 Videos of the 1980s og var både den første og den siste videoen som vart vist på det langvarige britiske musikkprogrammet The Chart Show.
Modellane vart òg nytta i ein parodi av videoen i «Weird Al» Yankovic-filmen UHF med briller og bart.
Musikkvideoen vart òg parodiert av Stardust i «Music Sounds Better with You» og av Shania Twain i «Man! I Feel Like a Woman!».
Lister
[endre | endre wikiteksten]Vekeslister
[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Tina Turner-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Addicted to Love (Live) Singel av Tina Turner frå albumet Tina Live in Europe | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Utgjeve | 1988 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:10 (single mix) | |
Selskap | Capitol | |
Låtskrivar(ar) | Robert Palmer | |
Produsent | John Hudson | |
Tina Turner-kronologi | ||
«Nutbush City Limits (Live)» (1988) |
Addicted to Love (Live) | «Tonight (Live)» (1988)
|
Tina Turner framførte ofte «Addicted to Love» på konsertane sine sidan 1986. Eit konsertopptak frå 1986-1987-turneen hennar kom ut på Tina: Live in Europa i 1988, og vart òg gjeven ut som singel for å marknadsføre dette albumet i visse land - i staden for «Nutbush City Limits» - og vart ein hitt i Nederland.
Dei to singlane hadde same B-sider: konsertopptak av «Overnight Sensation» og ZZ Top sin «Legs» og nær identiske biletomslag. Versjonen av «Addicted to Love» som vart utgjeven på singel var ein annan miks av songen. Singelmiksen vart seinare gjeven ut på den europeiske utgåva av samlealbumet Simply the Best i 1991, i tillegg til All the Best i 2004 og Tina! i 2008. Eit anna konsertopptak vart gjeven ut på Tina Live i 2009.
Offisielle versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Tina Live in Europe albummiks – 5:22
- Singelversjon – 5:10
- Tina Live – 4:54
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1988) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[25] | 23 |
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[26] | 29 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[27] | 19 |
Nederland (Mega Single Top 100)[28] | 28 |
UK Singles (Official Charts Company)[29] | 71 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- I 1988 vart songen spelt inn av Ciccone Youth (Sonic Youth med Mike Watt).[30] Denne finst på The Whitey Album, og vart spelt inn i ei karaokesjappe med Kim Gordon på vokal.
- Det serbiske alternative rockebandet Disciplina Kicme spelte inn ein versjon av songen live på EPen Decija pesma i 1987.
- I 1991 gav den keltiske banjospelaren Tom Hanway ut songen med bandet Blue Horizon på albumet Bucket of Bees.
- I 2006 spelte Eagles of Death Metal inn songen som bonusspor på somme eksemplar av studioalbumet Death by Sexy.
- I 2006 vart songen framført av Westlife på Face to Face-turneen deira.
- I 2009 spelte Florence + the Machine inn ein versjon av songen som B-side til «You've Got the Love». I USA vart denne sognen gjeven ut som digital singel.[31]
- Garth Brooks i 2013 for albumet Blame It All on My Roots: Five Decades of Influences.
- Alex Clare spelte inn songen i 2014 på albumet Three Hearts.
- I 1995 spelte Johnny Cash, akkompagnert av Tom Petty and the Heartbreakers, inn ein versjon av songen under innspelinga av albumet Unchained, men produsenten Rick Rubin valde å ikkje gje han ut.[32]
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]- Van Halen varma opp med songen i MTV-dokumentaren «Van Halen Unleashed». Dei frafmørte første verset av songen i «Best Of Both Worlds» under 1986 MTV Video Music Awards. Då denne konserten vart gjeve ut på heimevideo med tittelen Live Without A Net, vart «Addicted To Love» fjerna.
- Rod Stewart framførte songen i Albert Hall som ein del av ein medley med «Some Guys Have All The Luck».
Parodiar
[endre | endre wikiteksten]Parodiar av songen er mellom anna:
- «Addicted to Spuds» av «Weird Al» Yankovic i 1986 og «UHF» i 1989
- «Addicted to Pam» av Brocket 99
- «Addicted To Butts» avBob Rivers (eller «Addicted To (Cigarette) Butts»)
- «Stealing Christmas» av Brian P. Metcalf, om Grinsjen
Filmparodiar:
- Den komiske «skrekkfilmen» Repossessed med Leslie Nielsen som Father Jebedaiah Mayii i 1990
- den romantiske komedien Love Actually med Bill Nighy som Billy Mack i 2003.
Påverknad på andre musikkvideoar
[endre | endre wikiteksten]Videoen har anten direkte påverka eller blitt parodiert i fleire musikkvideoar:
- Dance Like A Mother sin «You Ain't So Tough» frå 1987.
- The Return of Bruno, ein mockumentary på HBO i 1987, hevda at Bruno (spelt av Bruce Willis) i 1976 spelte inn ein popvideo med fire kvinner som spelar bassgitar. Songen vart framført var Peter Gun, men med ein parodivideo av «Addicted to Love».
- Tone Loc sin «Wild Thing» i 1988.
- Paula Abdul sin «Forever Your Girl» i 1989.
- Queen sin «The Miracle» i 1989.
- «Weird Al» Yankovic i «UHF» i 1989.
- Mr Blobby i «Mr Blobby» i 1989.
- Michelle Shocked i «On the Greener Side» i 1989.
- Shania Twain i «Man! I Feel Like a Woman!» i 1999, der ho nyttar mannlege modellar i staden for kvinnlege.
- Bowling for Soup sin «1985» i 2004.
- Beyoncé i «Green Light» i 2007.
- Ingrid Michaelson i «Girls Chase Boys» i 2014.
I andre media
[endre | endre wikiteksten]- Songen er å høyre i filmen Dangerously Close frå 1986 og dokumentarfilmen «What the Bleep Do We Know!?» i 2004.
- Geena Davis spelte ein av modellane i ein sketsj på Saturday Night Live i 1989, The Robert Palmer Bunch, som syner jentene som bur med Robert Palmer i ein forstad. Palmer vart spelt av Phil Hartman.
- Videoen vart parodiert i ein draumesekvens av Dr. Joel Fleischman i TV-serien Northern Exposure i 1991.
- Super Bowl-reklamen for TV-serien Lost i 2006 inneheld ein forkorta versjon av videoen med bilete frå dei to første sesongane av serien. Teksten var endra frå «love» til «Lost» («Addicted to Lost»).
- Emerald Nuts nytta «Addicted to Love»-jenter i ein fjernsynsreklame.
- Ring of Honor-brytaren Rhett Titus har nytta songen under introduksjonen av han sjølv.
- Ein liten scene av videoen vart nytta i 2009 i filmen Watchmen av Adrian Veidt / Ozymandias.
- The Late Late Show with Craig Ferguson i januar 2010 opna med Craig Ferguson kledd som ein av modellane og Rosie O'Donnell som Robert Palmer, som mimar til «Addicted to Love».
- Skylar Grey-versjonen av songen vart nytta i ein trailer for filmen Endless Love i 2014.
- Songen vart nytta i ein scene i «Cocktail» med Tom Cruise.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Addicted to Love (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mai 2016.
- ↑ «#10 -- «Addicted to Love» by Robert Palmer -- #10». Chicago Tribune. Arkivert frå originalen 13. april 2020. Henta 13. mai 2016.
- ↑ Blackett, Matt (1 February 2004). Gitar Player Magazine Interview, arkivert frå originalen 15. januar 2013, henta 13. mai 2016. Gitar Player. Myspace. Henta 13. mai 2016.
- ↑ «Straight From His Own Gob – Noddy Holder interviewed by Andrew Darlington». Soundchecks. Henta 13. mai 2016.
- ↑ «Telling it how it really was». The Guardian. 15 March 1999. Henta 13. mai 2016.
- ↑ "The Girl in the Video: “Addicted to Love” (1986)».
- ↑ «Addicted To Love by Robert Palmer». Songfacts. Henta 13. mai 2016.
- ↑ «Australia No. 1 hits -- 1980's». World Charts. Henta 13. mai 2016.
- ↑ "Ultratop.be – Robert Palmer – Addicted To Love" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 13. mai 2016.
- ↑ «Radio2 top 30: 31 mei 1986» (på nederlandsk). Top 30. Arkivert frå originalen 28. mars 2016. Henta 13. mai 2016.
- ↑ CHART NUMBER 1532 – Saturday, Mai 03, 1986, arkivert frå originalen 7. november 2006, henta 13. mai 2016. CHUM. Henta 13. mai 2016.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 13. mai 2016.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Addicted to Love". Irish Singles Chart. Retrieved 13. mai 2016.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Robert Palmer - Addicted To Love search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 13. mai 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Robert Palmer – Addicted To Love" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 13. mai 2016.
- ↑ "Charts.org.nz – Robert Palmer – Addicted To Love". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 13. mai 2016.
- ↑ «South Afrikan Rock Lists Website SA Charts 1969 – 1989 Acts (P)». Rock.co.za. Henta 13. mai 2016.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 13. mai 2016.
- ↑ 18,0 18,1 18,2 «Riptide – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 13. mai 2016.
- ↑ CASH BOX Top 100 Singles – Week ending APRIL 26, 1986, arkivert frå originalen 2. oktober 2012, henta 13. mai 2016. Cash Box magazine. Henta 13. mai 2016.
- ↑ "Chart Stats – Robert Palmer – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 13. mai 2016.
- ↑ «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1980s». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 13. mai 2016.
- ↑ «Top Singles – Volume 45, No. 14, December 27 1986». RPM. Library and Archives Canada. Henta 13. mai 2016.
- ↑ «Top 100 Hits for 1986». The Longbored Surfer. Arkivert frå originalen 13. august 2012. Henta 13. mai 2016.
- ↑ The CASH BOX Year-End Charts: 1986, arkivert frå originalen 2. oktober 2012, henta 13. mai 2016. Cash Box magazine. Henta 13. mai 2016.
- ↑ "Ultratop.be – Tina Turner – Addicted To Love (Live)" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 13. mai 2016.
- ↑ «Radio 2 Top 30 : 16 april 1988» (på nederlandsk). Top 30. Arkivert frå originalen 31. mars 2016. Henta 13. mai 2016.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Tina - Addicted To Love Live search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 13. mai 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Tina Turner – Addicted To Love (Live)" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 13. mai 2016.
- ↑ "Chart Stats – Tina Turner – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 13. mai 2016.
- ↑ Torreano, Bradley. «Ciccone Youth – The Whitey Album». AllMusic. All Media Network. Henta 13. mai 2016.
- ↑ «Addicted to Love – Single by Florence + The Machine». iTunes Store. Apple Inc. 19. april 2015. Henta 27 February 2011.
- ↑ Hilburn, Robert (2013). Johnny Cash: A Life. New York: Little, Brown and Company. s. 564.