Love Explosion av Tina Turner
Love Explosion Studioalbum av Tina Turner | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1979 | |
Innspelt | 1979 | |
Sjanger | Pop, disco, rock, soul | |
Lengd | 36:05 | |
Selskap | United Artists, EMI | |
Produsent | Alec R. Costandinos | |
Tina Turner-kronologi | ||
---|---|---|
Rough (1978) |
Love Explosion | Private Dancer (1984) |
Singlar frå Love Explosion | ||
|
Love Explosion er det fjerde studioalbumet til Tina Turner, gjeve ut i mars 1979 på EMI i Storbritannia, Ariola Records i Vest-Tyskland og United Artists i USA. Det var det andre soloalbumet hennar, etter ho forlet ektemannen Ike Turner og the Ike & Tina Turner Revue. Albumet er kraftig påverka av funk og disco.
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]Love Explosion vart spelt inn i Europa og produsert av ein av dei leiande personane i fransk disco på den tida, Alec R. Costandinos, som hadde arbeidd med band som Love And Kisses og Cerrone og medverka på filmmusikken til filmen Thank God It's Friday i 1978. Love Explosion og dei tre singlane, «Love Explosion» og «Music Keeps Me Dancin'» (begge discolåtar) og ein rolegare versjon av The O'Jays-soulklassikaren «Back Stabbers» frå 1972, hadde ein viss suksess på amerikanske og europeiske salslister. Albumet selde dårleg, og plateselskapet droppa ho.
Albumet inneheld to soulballadar, «I See Home» og «Just A Little Lovin'», sistnemnde opphavleg spelt av Dusty Springfield i 1969 på albumet Dusty in Memphis. Love Explosion, som det føregåande albumet Rough, vart gjeve ut på CD av EMI tidleg i 1990-åra, men er i dag ute av opplag.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Love Explosion» | Lenny Macaluso, Pat Summerson | 5:55 |
2. | «Fool For Your Love» | Leo Sayer, Michael Omartian | 3:24 |
3. | «Sunset on Sunset» | Billy Livsley, David Courtney, Richard Niles | 3:35 |
4. | «Music Keeps Me Dancin'» | Macaluso, Summerson | 3:49 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «I See Home» | Allee Willis, David Lasley | 5:19 |
6. | «Backstabbers» | Leon Huff, Gene McFadden, John Whitehead | 3:34 |
7. | «Just a Little Lovin'» | Barry Mann, Cynthia Weil | 3:12 |
8. | «You Got What I'm Gonna Get» | Chris Bennett, Molly-Ann Leikin | 3:08 |
9. | «On the Radio» | Victor Carstarphen | 3:49 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Tina Turner - vokal
- Jean-Claude Chavanat - gitar
- Tony Bonfils - bass
- Bernard Arcadio - klaverinstrument
- André Ceccarelli - trommer
- Manu Roche - perkusjon
- George Young, Laurence Feldman, Michael Brecker - tenorsaksofon
- Lew Delgatto - barytonsaksofon
- Barry Rogers, Dave Taylor, Tom Malon, Wayne Andre - trombone
- Alan Rubin, Randy Brecker - trompet
- George Marge - obo
- Arthur Simms, Stephanie de Sykes, Stevie Lange, Vickie Brown - korvokal
- The Pat Halling String Ensemble - strykarar
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Produsert av Alec R. Costandinos
- Arrangert og dirigert av Raymond T. Knehnestky
- Remiksa i Trident Studios, London av Peter R. Kelsey
- «Love Explosion» og «Sunset on Sunset» vart spelte inn i Trident Studios i London
- «On the Radio» vart miksa i Red Bus Studios i London
- Design: RIA Images
- Fotografi: Calude Mougin
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Love Explosion (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. april 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: