A Change Is Gonna Come
A Change Is Gonna Come Singel av Sam Cooke frå albumet Ain't That Good News | ||
A-side |
«Shake» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. desember 1964 | |
Innspelt | 16. november 1964 RCA Studios (Hollywood, California) | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:12 | |
Selskap | RCA Victor | |
Komponist | Sam Cooke | |
Tekstforfattar | Sam Cooke | |
Låtskrivar(ar) | Sam Cooke | |
Produsent | Hugo & Luigi | |
Sam Cooke-kronologi | ||
«Cousin of Mine» (1964) |
A Change Is Gonna Come | «It's Got The Whole World Shakin'» (1965)
|
«A Change Is Gonna Come» er ein song av den amerikanske plateartisten Sam Cooke, gjeven ut den 22. desember 1964 på RCA Victor, 11 dagar etter at Cooke døydde. Han vart produsert av Hugo & Luigi og arrangert og dirigert av René Hall og gjeven ut som B-side til «Shake». Songen tek for seg stillinga til afroamerikanarar i det amerikanske samfunnet, med refrenget «It's been a long time coming, but I know a change is gonna come» («det har vart lenge, men eg veit det skal endre seg»). Songen var inspirert av forskjellige personlege hendingar i livet til Cooke, mellom anna ei hending då han og bandet hans vart avvist ved eit motell i Louisiana som berre var for kvite. Cooke følte seg tvinga til å skrive songen som talte om kampen hans og dei rundt han, og han spelte inn songen for den første utgjevinga på det siste albumet sitt, Ain't That Good News.
Sjølv om det berre vart ein liten hit for Cooke samanlikna med dei førre singlane hans, vart «A Change Is Gonna Come» eit symbol for den amerikanske borgarrettsrørsla. Songen vert rekna som ein av dei beste songane til Cooke, og er blitt stemd fram som ein av dei beste songane gjennom tidene av forskjellige publikasjonar. I 2007 vart songen utvald til bevaring i Library of Congress der National Recording Registry rekna songen som «kulturelt, historisk og estetisk viktig.»
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]«A Change Is Gonna Come» var delvis inspirert av ei hending der Cooke og bandet hans prøvde å sjekke inn på eit motell for «berre kvite» i Shreveport i Louisiana. Den 8. oktober 1963 hadde Cooke ringt på førehand til Holiday Inn North for å reservere rom til kona si Barbara og seg sjølv, men då han og gruppa kom fram, vart portieren nervøs og sa det var fullt.[1] Broren Charles protesterte og Sam var rasande og forlangde å få snakke med bestyraren. Kona hans prøvde å roe han ned og sa til han «Dei kjem til å ta livet av deg», og han svarte «Dei kjem ikkje til å drepe meg, for eg er Sam Cooke».[1] Då dei klarte å overtyde Cooke til å dra derfrå og gruppa køyrde av stad medan dei ropte hånande og tuta med bilane. Då dei kom fram til Castle Motel i sentrum, venta politiet på dei og arresterte dei for ordensforstyrring.[1] The New York Times trykte ein rapport frå AP i avisa dagen etter med overskrifta «Negro Band Leader Held in Shreveport,» men afroamerikanarar vart rasande og skapte ei myte kring hendinga, som overdreiv delar av soga og fabrikkerte andre delar.[2]
I tillegg vart Cooke så rørt av Bob Dylan sin «Blowin' in the Wind» i 1963 og at nokon som ikkje var svart kunne skrive ein så gripande song om rasisme i Amerika. Han vart òg skamfull over at han ikkje hadde klart å skrive noko slikt sjølv.[3] Imaget hans og frykta for å miste den hovudsakleg kvite fansen sin, hindra han i å skrive ein slik song.[4] Cooke likte Dylan-songen så godt at han med ein gong byrja å spele songen på konsertane sine.[5]
Innspeling og produksjon
[endre | endre wikiteksten]Etter jula 1963 inviterte Cooke J.W. Alexander heim til seg for at han skulle lytte på ein ny song han hadde skrive, ein Cooke var særs nøgd med. Då han kom fram spelte Cooke gjennom songen på gitaren sin to gonger, og andre gongen gjekk han gjennom songen linje for linje.[6] Begge var særs nøgd med songen, og Alexander meinte songen var meir personleg og politisk enn noko han hadde skrive tidlegare. Han åtvara Cooke om at songen truleg ikkje kom til å selje like godt som dei lettare og meir popaktige songane hadde gjort, men Cooke brydde seg ikkje om det.[7] Han forklarte Alexander at han håpa at songen skulle gjere faren stolt.[7] «Det var mindre arbeid enn noko anna song han hadde skrive», sa biografen Peter Guralnick.[5] «Han var nesten skremd av songen - det var nesten som om songen var meint for noko andre. Han henta den ut av lause lufta og han kom til han ferdig, trass i at det på mange måtar er den mest komplekse songen han har skrive. Han var både sett frå eit enkelt menneske, slik han startar med 'I was born by the river' - men vert òg fortalt ut frå synspunktet til ein heil generasjon.»[5]
Cooke gav songen til partneren sin René Hall, utan spesifikke instruksjonar om kva han ønskte, utanom å gje songen «den instrumenteringa og orkestreringa som songen krev».[8] Tidlegare hadde duoen samarbeidd om arrangement, men dette var første gongen Hall fekk all kontroll over arrangementet, og han komponerte det på same måte som filmmusikk, med fyldige, symfoniske strykarar.[8] «Eg ønskte at det skulle bli det største eg hadde gjort i livet- eg brukte lang tid, sette i verk mange idear, og endra dei og omarrangerte dei,» sa Hall.[8] Cooke var godt kjend som ein perfeksjonist og «kontrollfreak» i platestudioet, så det var uhøyrt at han gav Hall full kontroll.[5]
AFO-trommeslagaren John Boudreaux var skremd av orkesterarrangementet og nekta å forlate kontrollrommet, så studiomusikaren Earl Palmer som arbeidde i nabostudioet, steppa inn. Luigi Creatore bad Cooke om å spele inn fleire opptak, og det åttande var «nesten perfekt».[9] Luigi var særs nøgd med songen, og rekna opptaket som eit av hans beste, både særs seriøs men likevel unik.
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]Kvart vers er ein ny sats, der strykarane ber det første, blåsarane det neste og pauker ber mellomspelet.[5] Valthornet i innspelinga var meint å gje ei kjensle av melankoli.[8]
Cooke skreiv om personlege hendingar i songen, som møte i Memphis, Shreveport og Birmingham, for å syne liva og kampane til afroamerikanarar på denne tida.[7] Linjene «I don't know what's up there / Beyond the sky» kan syne til at Cooke er i tvil om at ein kan oppnå absolutt sann rettferd på jorda.[7] I det siste verset ber Cooke «brørne» sine om hjelp. Verset held fram med '«But he winds up knocking me / back down on my knees.»[7]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]«A Change Is Gonna Come» vart spelt inn 11. november 1964 i RCA Studios i Hollywood i California.[10] Lydteknikaren var Wally Heider, og innspelinga vart dirigert og arrangert av René Hall. Musikarane spelte inn «Falling in Love» same dagen.[10]
|
|
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Cooke framførte først «A Change Is Gonna Come» på The Tonight Show Starring Johnny Carson den 7. februar 1964. Den nye manageren til Cooke, Allen Klein, var særs nøgd med songen og overtydde Cooke om å la vere å marknadsføre den nyaste singelen, «Ain't That Good News», og spele «Change» i staden. Cooke protesterte og meinte at det ikkje var tid til å setje saman eit arrangement på så kort tid.[11] Klein fekk RCA til å betale for ein fullstendig strykeseksjon og Cooke framførte songen på The Tonight Show, i tillegg til «Basin Street».[12] Opptaket er ikkje teke vare på.[11][12] Klein og Alexander meinte begge det kom til å bli ein milepåle i karrieren til Cooke, men det vart overskugga av framføringa til The Beatles på The Ed Sullivan Show på CBS berre to dagar seinare.[12]
Cooke spelte aldri «A Change Is Gonna Come» igjen, både fordi arrangementet var så komplekst, men òg på grunn av den illevarslande karakteren til songen.[5] Då han synte songen for protesjéen sin Bobby Womack, svarte han at songen høyrdest ut «som døden».[5]
Ti månader seinare vart «A Change Is Gonna Come» førebudd for singelutgjeving, og verset og refrenget før mellomspelet vart fjerna for å få songen spelt på radio.[13] Borgarrettsrørsla plukka raskt opp songen.[5]
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om songen berre selde moderat, vart «A Change Is Gonna Come» ein kampsong for den amerikanske borgarrettsrørsla, og vert rekna som den beste songen til Cooke. I løpet av åra er han blitt hylla på mange måtar, og i 2005 stemde representantar frå musikkindustrien songen fram til 12. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han hamna på tredjeplassen på lista til Pitchfork Media over dei 200 beste songane frå 1960-åra. Songen er òg blant dei 300 viktigaste songane som er spelt inn av National Public Radio (NPR) og vart vald ut av Library of Congress som ein av 25 utvalde innspelingar til National Recording Registry i mars 2007.
Trass i lovorda, har singelen vore plaga av kontraktsproblem. Ein strid mellom forlaget til Cooke, ABKCO, og plateselskapet RCA Records, gjorde at innspelinga stort sett var utilgjengeleg i nesten 40 år etter han kom ut. Sjølv om songen vart nytta i filmen Malcolm X i 1992, kunne han ikkje gjevast ut på filmmusikkalbumet som følgde. I 2003 vart striden oppklart og songen vart gjeven ut på den nymastra utgåva av Ain't That Good News, og i Cooke-samlinga Portrait of a Legend.
Konsertutgåver av songen vart gjeven ut i filmmusikken til Michael Mann-filmen Ali i 2001. James Taylor spelte inn ein versjon for ein episode med same tittel i fjernsynsserien The West Wing. The Allman Brothers Band spelte songen i 2003 på Live at the Beacon Theatre, som vart gjeven ut på DVD.
Andre kjende artistar som har spelt songen er mellom andre Allison Moorer, Jeffrey Gaines, Matt Doyle, Luther Vandross, Cory Wells, Bob Dylan, Aretha Franklin frå «I Never Loved a Man the Way I Love You» (1967), The 5th Dimension (i ein medley frå 1970 med The Rascals sin «People Got to Be Free»), Three Dog Night, The Band, Wayne Brady, Billy Bragg, Evelyn Champagne King, Solomon Burke, Terence Trent D'Arby, Gavin DeGraw, the Fugees, the Cold War Kids, Deitrick Haddon, Graham Parker, Patti Labelle, Solo, Prince Buster, Morten Harket, The Neville Brothers, jacksoul, Ben Sollee, Johnny P, Billy Preston, Otis Redding, Baby Huey, Michael Thompson med Bobby Womack, Leela James, Tina Turner, The Righteous Brothers (Bobby Hatfield solo), The Gits, Brandy, The Supremes, The Manhattans, Tony Carey, Gerald Alston, Jimmy Barnes og Seal. Arcade Fire nytta songen til å støtte presidentkampanjen til Barack Obama. I nyare år er songen blitt sampla av rapparane Ghostface Killah (1996), Ja Rule (2003), Papoose (2006), Lil Wayne (2007) «Long Time Coming (remix)» Charles Hamilton, Asher Roth og B.o.B (2009), og Nas på It Was Written.
I 2004 framførte Patti LaBelle songen på Nobelfredspriskonserten.
Lister (Sam Cooke-versjonen)
[endre | endre wikiteksten]Liste (1965) | Plassering |
---|---|
Billboard R&B Singles Chart | 9 |
Billboard Hot 100 | 31 |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Portrait of a Legend 1951-1964. Abkco Records, 2003. Los Angeles, California.
- Werner, Craig (1999). A Change Is Gonna Come: Music, Race, and the Soul of America. Plume. ISBN 0-452-28065-6.
- Wolff, Daniel J.; S.R. Crain; Clifton White; G. David Tenenbaum (1995). You Send Me: The Life and Times of Sam Cooke. William Morrow & Co. ISBN 0-688-12403-8.
- Guralnick, Peter (2005). Dream Boogie: The Triumph of Sam Cooke. Back Bay Books. ISBN 978-0316013291.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «A Change Is Gonna Come» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mai 2016.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Guralnick 2005, s. 526.
- ↑ Guralnick 2005, s. 527.
- ↑ Guralnick 2005, s. 512.
- ↑ Guralnick 2005, s. 513.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 «Sam Cooke And The Song That 'Almost Scared Him'». NPR (National Public Radio). 1. februar 2014. Henta 13. mai 2016.
- ↑ Guralnick 2005, s. 540.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Guralnick 2005, s. 541.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 Guralnick 2005, s. 547.
- ↑ Guralnick 2005, s. 548.
- ↑ 10,0 10,1 Portrait of a Legend: 1951–1964 (liner notes). Sam Cooke. USA: ABKCO Records. 2003. 92642.
- ↑ 11,0 11,1 Guralnick 2005, s. 550.
- ↑ 12,0 12,1 12,2 Guralnick 2005, s. 552.
- ↑ Guralnick 2005, s. 607.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]4: «Like a Rolling Stone » Bob Dylan |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 3 «A Change Is Gonna Come» Sam Cooke |
2: «Fight the Power» Public Enemy |
13: «Yesterday» The Beatles |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 12 «A Change is Gonna Come» Sam Cooke |
11: «My Generation» The Who |
- Songar frå 1963
- Singlar frå 1964
- Singlar frå 1970
- Balladar frå 1960-åra
- Songar skrivne av Sam Cooke
- Sam Cooke-songar
- Songar produserte av Hugo & Luigi
- Grammy Hall of Fame Award
- United States National Recording Registry-innspelingar
- RCA Victor-singlar
- Songar om rasisme eller framandhat
- Soulballadar
- Otis Redding-songar
- The 5th Dimension-songar
- James Taylor-songar
- Three Dog Night-songar
- Luther Vandross-songar
- Aretha Franklin-songar
- The Band-songar
- Billy Bragg-songar
- Solomon Burke-songar
- Fugees-songar
- Patti LaBelle-songar
- Billy Preston-songar
- Tina Turner-songar
- The Righteous Brothers-songar
- The Supremes-songar
- Seal-songar
- Arcade Fire-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2010
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2021
- James & Bobby Purify-songar