Snømus
Snømus | |
Snømus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig Utbreiinga av Snømus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Familie: | Mårfamilien Mustelidae |
Slekt: | Mustela |
Art: | Snømus M. nivalis |
Vitskapleg namn | |
Mustela nivalis |
Snømus (Mustela nivalis) er eit lite rovdyr i mårfamilien. Han held til på den nordlege halvkula i tempererte, subarktiske og arktiske område. Utbreiinga og levesettet er elles mykje likt den større slektningen røyskatt. Snømusa finst i heile Noreg og held gjerne til i steingardar, under løer, fjøs og seterbygningar. Snømusa spesialiserer seg på jakt på smågnagarar, og særleg mus.
Vaksne hannar av snømus er 19-23 cm lange og hoer 17-18 cm, dei veg høvesvis 40-100 og 20-40 gram.
Den nordamerikanske snømusa vart tidlegare klassifisert som eigen art med det latinske namnet Mustela rixosa, men ein reknar i dag den nordamerikanske snømusa som same art som den europeiske.
Av utsjånad kan snømusa forvekslast med den nærskylde røyskatten (lat. Mustela erminea), men snømusa er mindre og har ein kortare hale som er kvit om vinteren.
Snømusa kan bli 7–10 år gammal.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]I Noreg er snømusa vanleg over heile landet.
Røyskatten er òg utbreidd over store delar av Europa. Historisk sett har snømusa sitt søraustlegaste kjente utbreiingspunkt i Israel.
Snømusa i kulturen
[endre | endre wikiteksten]Ein finn truleg snømusa i Bibelen/Tanákh. Det hebraiske ordet חֽוֹלֶד ['ḥōled] (m.) eller חֻלְדָּה [ḥul'dā] (f.) tyder truleg ‘snømus’. Ḥuldá er namnet på ein av dei sju kvinnelege profetane i jødedommen, og historia om Ḥuldá sitt profeti finst i 2. krønikebok 34:22–28 og i 2. kongebok 22:14–20.
I europeiske litteratur frå antikken og mellomalderen er snømusa ofte blitt framheva som det einaste som kan drepa ein basilisk, i ein kamp der ho sjølv også vil bli drepen. Plinius den eldre gjev den eldste kjende redegjeringa for dette i Naturalis Historia.[1]
I engelskspråkleg skjønnlitteratur frå Dei britiske øyane viser ordet weasel normalt til snømusa. Dette gjeld til dømes dei småskumle «weasels» i Wind in the willows såvel som hovudrolleinnehavaren i barnerimet «Pop goes the weasel».
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- ↑ Pliny the Elder. «Natural Historia, book 8, par. 33.». Perseus at Tufts University. Henta 3. juni 2009.
- Staubli, Thomas: «Tiergeographie des antiken Palästina/Israel» (arkivlenkje)
- Denne artikkelen bygger på «Least weasel» frå Wikipedia på bokmål, og «Snømus» frå Wikipedia på engelsk den 6. mars 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]