Spermkval
Spermkval | |
Spermkvalhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av spermkval | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Spermkvalfamilien Physeteridae |
Slekt: | Physeter |
Art: | Spermkval P. macrocephalus |
Vitskapleg namn | |
Physeter macrocephalus |
Spermkval eller trollkval, Physeter catodon eller Physeter macrocephalus, er ein tannkval i spermkvalfamilien. Han blir opp til 18 meter lang. Spermkvalen finst i så godt som alle verdshava, frå Ekvator til Arktis og Antarktis, helst i ope hav eller ved kontinentalsokkelen. Han var utsett for industriell kvalfangst på 1900-talet, men det vart òg driven omfattande fangst allereie før granatharpunen si tid, tilbake til 1712. Rundt 1950 nådde fangsten høgda, då det vart fanga opp til 25 000 dyr i året. Den kommersielle fangsten tok slutt i 1988. Etter dette har det blitt drive fangst i liten skala frå opne båtar i Indonesia. Den globale bestanden er høgst usikker, men iallfall over 100 000 individ.[1] Spermkval kjem innom norske farvatn på næringsvandringar om sommaren.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) spermkval hos Artsdatabanken
- (en) spermkval – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) spermkval i Encyclopedia of Life
- (en) spermkval i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) spermkval hos Dyntaxa
- (en) spermkval hos Fossilworks
- (en) spermkval hos ITIS
- (en) Kategori:Physeter macrocephalus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Physeter macrocephalus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Physeter macrocephalus – detaljert informasjon på Wikispecies